Barnehage- og skulebruksplan

PwC-rapport Oppvekst

Konsulentselskapet PwC sin delrapport med forslag til innsparingstiltak i oppvekstsektoren.

Forslag til barnehage- og skulebruksplan frå Norconsult 

Norconsult sitt forslag til barnehage- og skulebruksplan.

Kva skjer til kva tid?

Dette skjer framover

  • 6. juni 2024: Konsulentselskapet PwC legg fram ein rapport for formannskapet. Rapporten er ein del av omstillingsarbeidet i kommunen, og inneheld forslag til innsparingstiltak i oppvekstsektoren.
  • 10. juni 2024: Levekår får tilsendt kommunedirektøren sitt forslag til struktur på bakgrunn av rapportane til Norconsult og PwC og høyringsinnspel.
  • 18. juni: Møte i levekårsutvalet der kommunedirektøren presenterer sitt forslag til struktur som mellom anna bygger på rapportane til Norconsult og PwC og høyringsinnspel. Etter dette skal levekår ta stilling til om dei vil sende kommunedirektøren sitt forslag på høyring.
  • 18. juni til 15. september 2024: Høyringsperiode for kommunedirektøren sitt forslag.
  • 24. september 2024: Kommunedirektøren sender si innstilling til levekårsutvalet.
  • 15. oktober 2024: Levekårsutvalet sender si innstilling til formannskapet.
  • 17. oktober 2024: Formannskapet sender si innstilling til kommunestyret.
  • 24. oktober 2024: Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.

Dette har skjedd

  • 16. april 2024: Levekårsutvalet behandlar Norconsult sitt forslag til barnehage- og skulebruksplan, og sender planen på høyring.
  • 22., 29. og 30. april 2024: Dialogmøte med innbyggjarar. 
  • 16. april til 31. mai 2024: Høyringsperiode for Norconsult sitt forslag.
  • 23. november 2023: Kommunestyret vedtok planprogrammet.
  • 25. oktober–1. november: Norconsult har vore på synfaring på alle dei kommunale barnehagane og skulane
  • 30. juni til 29. september 2023: Planprogrammet var på høyring.
  • 22. juni 2023: Formannskapet behandla revidert planprogram, og gjorde vedtak om oppstart av arbeidet etter innstilling frå utval for oppvekst, kunnskap og kultur
  • 23. februar 2023: Kommunestyret utsette sak om planprogram og bad om eit nytt forslag med breiare mandat og fleire omsyn enn økonomi og struktur.
  • 15. desember 2022: Kommunestyret bestilte ein ny barnehage- og skulebruksplan.
Slik kan du komme med innspel

Prosjektgruppa har henta innspel frå ulike grupper, mellom andre foreldre, elevar, tilsette og leiarar.

16. april behandla Levekårsutvalet i Alver Norconsult sitt forslag til barnehage- og skulebruksplan. 

Planen vart sendt ut på høyring og fristen for å kome med innspel var 31. mai.

I samband med høyringsperioden inviterte vi alle innbyggjarar i kommunen til dialogmøte: 

  • 22. april
    • Klokka 17.30 – 19.00: Rossland skule
    • Klokka 20.00 – 21.30: Kommunehuset på Frekhaug
  • 29. april
    • Klokka 17.30 – 19.00: Ostereidet ungdomsskule
    • Klokka 20.00 – 21.30: Helsehuset i Knarvik
  • 30. april
    • Klokka 17.30 – 19.00: Radøyhallen
    • Klokka 20.00 – 21.30: Lindås barneskule
Slik jobbar vi med planen
  • Levekårsutvalet er styringsgruppe for arbeidet.
  • Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.
  • Kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe, er prosjektleiar.
  • Konsulentselskapet Norconsult er leigd inn for å bidra til utarbeiding av planen.
Kva er ein barnehage- og skulebruksplan?

Planen er kommunen sitt viktigaste verktøy for å planlegge og utforme barnehage- og skulebygg og framtidig struktur.

Den endelege planen skal bidra til ei oppdatert oversikt over dei kommunale barnehage- og skuleanlegga, ei utgreiing av kva endringar kommunen bør gjere og ei vurdering av kva konsekvensar desse endringane kan gi.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Kristin Moe

kommunalsjef, oppvekst

kristin.moe@alver.kommune.no

98 85 72 05


Sist oppdatert: 06.06.2024
Publisert: 29.11.2023