Førehandskonferanse

Føremålet med ein førehandskonferanse er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav knytt til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden. Førehandskonferansen skal sikre at du får den informasjonen du treng tidleg i planlegginga av byggeprosjektet.

Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande i høve vidare saksgang. Vi går ikkje gjennom søknaden din i møtet.

Det er viktig at du sender inn nødvendig informasjon om tiltaket i forkant av møtet, slik at kommunen kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.

For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgjande informasjon vert lagt ved førespurnaden:

  • kva du skal byggje: kart, teikningar og skisser
  • kor stort du skal byggje: høgd, breidd, areal
  • kva du skal bruke byggverket til
  • informasjon om korleis du tenkjer å løyse veg, vatn, kloakk
  • spørsmåla du ønsker svar på i møtet

Trykk her for å bestille førehandskonferanse.


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019