Driftsbygningar i landbruket

Ein driftsbygning er ein bygning som er nødvendig for drifta på ein landbrukseigedom. Dette gjeld mellom anna driftsbygningar for jordbruk, husdyrbruk, seterdrift, hagebruk, gartneri, skogsdrift, pelsdyravl, reindrift og yrkesfiske.

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Du skal bygge/rive ein frittliggande bygning til bruk i landbruket
    • Bygningen skal brukast til overnatting og samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 15 kvadratmeter
    • Bygningen ikkje skal brukast til overnatting og samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter.
    • Det er 1 meter eller meir til nabogrensa eller innanfor regulert byggegrense dersom eigedomen er regulert.
    • Maks gesimshøgd er 3,0 meter og maks mønehøgd er 4,0 meter
  • Bygningen har ein etasje og utan kjellar.
  • Bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg:
    • Til kommunal veg skal avstanden vere minst 15 meter.
    • Til fylkesveg skal avstanden vere minst 50 meter.
    • Eventuelt anna byggegrense som er vist i reguleringsplan.
  • Det er innanfor det som er lov å bygge på eigedomen din (utnyttingsgrad/total utnytting)
  • Tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona.
    • Det er eit generelt byggeforbod innanfor 100 meters beltet langs sjø. Denne grensa kan vere erstatta av byggegrense i gjeldande plan, som gjer at grensa kan vere større eller mindre enn 100 meter. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du varsle oss når du er ferdig. Trykk her for informasjon om ferdigstilling av tiltak.

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Du skal bygge, rive eller vesentleg endre/reparere driftsbygning på inntil 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA).
  • Du skal bygge tilbygg til driftsbygning og arealet på eksisterande driftsbygning inkludert tilbygget ikkje vert meir enn 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA).

Trykk her for informasjon om søknadsprosessen.

Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersom

  • Du skal bygge, rive eller vesentleg endre/reparere driftsbygning på meir enn 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA).
  • Du skal bygge tilbygg til driftsbygning der samla bruksareal inkludert tilbygget vert meir enn 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA).

Sist oppdatert: 27.06.2023
Publisert: 05.10.2018