Dispensasjon

Du kan få dispensasjon dersom
  • Omsynet bak reglane du søker om dispensasjon frå ikkje vert sett «vesentlig» til side
  • Fordelane ved å gi dispensasjon er «klart» større enn ulempene
  • Særskilde omsyn gjer seg gjeldande for saka di

Tilhøve som ikkje er relevante ved søknad om dispensasjon er økonomiske omsyn og personlege/sosiale tilhøve. Det er kun unntaksvis at personlege tilhøve kan ha betydning for ein søknad om dispensasjon. 

Slik søker du om dispensasjon

Det er ikkje eige skjema for dispensasjonssøknad. Du skriv den som eit vanleg brev og anten senda inn som eiga sak eller saman med byggesøknaden. Det skal gå fram kva du søkjer dispensasjon frå, og søknaden må grunngjevast.
Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • Kva eigedom søknaden gjeld
  • Kven som er eigar og søkjar
  • Kva du vil bygge
  • Kva det vert søkt om dispensasjon frå, t.d frå byggeforbodet i 100-meters beltet langs sjø i plan- og bygningslova § 1-8.
  • Vurdering av omsyna bak regelen det vert søkt om dispensasjon frå, og fordelar og ulemper ved dispensasjonen.
  • Dispensasjonen er permanent eller mellombels.
  • Nabovarsel, merknad til nabovarsel og dine kommentarar til merknaden. Trykk her for å sjå informasjon om nabovarsling.
Døme på når du må søke om dispensasjon
  • Bygging innanfor 100 meter frå sjø eller innanfor byggegrense mot sjø i gjeldande plan for eigedomen din.
  • Bygging nærare kommunal veg enn 15 meter eller nærare fylkesveg enn 50 meter, der ikkje anna grense går fram av gjeldande plan, krev søknad om dispensasjon etter veglova.
    Trykk her for informasjon om søknadsprosess.
  • Bygget du søker om er plassert nærare nabogrensa enn 4 meter og naboen ikkje har samtykka til tiltaket, eller plasseringa er i strid med byggegrensa som gjeld for eigedomen.
  • Det du skal bygge er i strid med gjeldande plan for eigedomen din, til dømes:
    • Arealformål
    • Tillatt utnyttingsgrad
    • Utforming (takvinkel, hustype m.v)
    • Storleik (t.d bygd areal/bruksareal/høgd)
    • Plassering
Prosess

Dersom søknaden din om dispensasjon gjeld interesser som er av statleg eller regional interesse, eller råkar ved andre fagområde sine områder, sender vi søknaden på høyring. 

Regelverk

Trykk her for Plan- og bygningslova kapittel 19.

Sakshandsamingsfrist

Fristen for å handsame søknad om dispensasjon er 12 veker. Dersom søknaden må sendast på høyring, kan fristen bli 16 veker. 

Pris

Trykk her for gebyrregulativ for 2024.


Sist oppdatert: 23.11.2021
Publisert: 05.10.2018