HeimPlan, bygg og eigedomUlovleg bygging

Ulovleg bygging

Dette bør du sjekke først

  • Snakk med naboen din eller den det gjeld
  • Sjekk i saksinnsyn om det er gitt løyve til arbeidet. Ta kontakt med kommunen om du er i tvil. 
    Trykk her for saksinnsyn.
  • Sjekk om tiltaket kan vera unntatt søknadsplikt.
    Trykk her for å sjå om tiltaket ditt er søknadspliktig.
  • Meld frå dersom du ikkje finn at det er gitt løyve, og du har mistanke om at arbeida er ulovleg.
  • Ikkje alle tilfelle er regulert av plan- og bygningsloven. 
  • Dersom førespurnaden gjeld til dømes gjerder, hekk eller tre vil den mest sannsynleg regulerast av naboloven eller grannegjerdeloven og kommunen har ikkje mynde til å treffe avgjerd i desse sakane.
  • Gjeld det tilhøve til offentleg veg sjå her: må ha lenke til vegmynde
  • Gjeld det forsøpling må du ta kontakt med kommunen på miljo@alver.kommune.no

Slik melder du ifrå

Meld ifrå via skjema dersom det ikkje er gitt løyve og du mistenker at tilfellet er ulovleg. 

  • Du må gi følgjande informasjon
  • Adresse, gards- og bruksnummer eller presis skildring av staden
  • Skildring av det du meiner er ulovleg
  • Du kan melde anonymt.
  • Dersom du oppgir namn og kontaktinformasjon kan vi ved behov kontakte deg for meir opplysningar eller oppfølging av saken.

Trykk her for å melde frå

Akutt fare for liv og helse

Dersom det er akutt fare for liv og helse, ring innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00.
Dette kan for eksempel gjelde

  • Lause bygningsdelar som kan falle ned
  • Støttemurar i svært dårleg forfatning
  • Andre bygningsmessige forhold som kan skade personer

Behandling av melding

For at bygningsmynde skal følgje opp eit ulovleg tilfelle må tiltaket komme inn under plan- og bygningsloven sine føresegner. Dersom vi finn ut at det er snakk om eit ulovleg tilfelle, opprettar vi ei sak og kontaktar eigar av eigedommen. Dersom vi vurderer tilfellet som mindre alvorleg, kan kommunen avstå frå å følgje opp saka vidare.

Kva kostar det?

Det er ikkje gebyr for handsaming av melding om ulovleg byggetiltak.

Kva skjer når kommunen vert kjent med eit ulovleg tilfelle?

Om kommunen finn grunn til å undersøkje saka vil den ansvarlege bli kontakta av kommunen. All vidare saksgang vil vere ei sak mellom kommunen og den ansvarlege for det ulovlege tilfellet.  

Når kommunen har undersøkt saka vil du som ansvarleg få eit brev om vidare oppfølging. I brevet vert det gitt informasjon om kva som er ulovleg.

Oppfølging av ulovlige tilfelle

Du vil få anledning til å tilbakeføre det ulovlege tilfellet, alternativt søke om løyve. Dersom ein søker om løyve vil saka bli behandla etter dagens gjeldande regelverk, for eksempel vil alle dagens tekniske krav gjelde. 

Dersom du ikkje rettar deg etter kommunen sine krav kan vi ilegge deg tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. 

Krav om retting, ileggelse av tvangmulkt og lovbrotsgebyr vil bli varsla av kommunen i forkant, og kan klages på dersom du meiner at vedtaket ikkje stemmer.

Bilde som viser byggjesakshandsaming av søknad


Sist oppdatert: 02.06.2020
Publisert: 19.12.2019