HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmråderegulering Midtmarka og Rotemyra - orientering

Områderegulering Midtmarka og Rotemyra - orientering

Områdeplan for Midtmarka og Rotemyra har vore ute til 1. gangs høyring og offentleg ettersyn, med høyringsfrist 19. februar 2020. Politisk handsaming med avklaring av vidare framdrift for planarbeidet er no på plass.

Vidare arbeid med områderegulering Midtmarka og Rotemyra er utsett.

29. oktober 2020 handsama kommunestyret i Alver sak om vidare framdrift av områderegulering Midtmarka og Rotemyra etter 1. gangs høyring og offentleg ettersyn. Kommunestyret fatta følgjande vedtak i saka (saksnr. 115/20):

«Kommunestyret utset det vidare arbeidet med områderegulering Midtmarka og Rotemyra, planid 1256-20150002. Arealbruken innanfor planområdet blir vurdert på nytt i samband med kommuneplanprosessen for Alver».

Som vedtaket viser betyr dette at det skal gjerast ei ny vurdering av arealbruken innanfor planområdet, som del av arbeidet med kommande kommuneplan for Alver. Kommuneplanen vil bestå av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. Arbeidet med samfunnsdelen er starta opp, og ein tar sikte på å sende eit forslag ut på høyring vår/sommar 2021. Arbeidet med arealdelen startar opp hausten 2021.


Sist oppdatert: 08.12.2020
Publisert: 06.12.2019