HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKva planar skal vi arbeide med i Alver? Offentleg høyring.

Kva planar skal vi arbeide med i Alver? Offentleg høyring.

Formannskapet i Alver har i sak 19/19, i medhald av plan- og bygningslova sin § 10-1 gjort vedtak om å leggja framlegg til planstrategi for Alver kommune 2020 – 2023 ut til offentleg høyring og ettersyn.

Planstrategien gjev vurdering av kva planbehov Alver kommune har og kva planprioriteringar kommunestyret gjer i valperioden.

Planstrategi for Alver kommune 2020 - 2023 vert med dette lagt ut til offentleg høyring og ettersyn.

Høyringsperioden er sett til perioden 10.01.2020 – 26.02.2020.

Vi ber om at merknader og innspel vert sendt skriftleg til 

Alver kommune 
Postboks 4 
5906 Frekhaug 

eller på E-post til  post@alver.kommune.no 

Frist for innspel er 26.02.2020.


Her finn du framlegg til planstrategi 2020-23 og utfordringsdokument:


Sist oppdatert: 18.05.2020
Publisert: 09.01.2020