HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljregulering for Alverstraumen kai – Offentleg ettersyn og høyring

Detaljregulering for Alverstraumen kai – Offentleg ettersyn og høyring

Detaljreguleringa legg til rette for oppføring av 28 bustadar i to lågblokker. Desse vert liggjande i sjøfronten på eit næringsområde ved Alverstraumen kai.

Næringsverksamheita på staden er lagt ned. Planframlegget legg òg til rette for eit kaiområde, småbåthamn, parkeringsanlegg og eit leikeområde m.m. Planområdet er på om lag 18 daa.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

1. Plankart, sist revidert 23.03.2020
2. Reguleringsføresegner, sist revidert 23.03.2020
3. Planomtale, sist revidert 23.03.2020
4. Illustrasjonsplan, datert 17.12.2018
5. ROS-analyse, datert 05.10.2018
6. VA-rammeplan, datert 29.10.2018
7. Merknadsskjema, datert 11.10.2018
8. Tilleggsnotat, datert 14.01.2020
9. Illustrasjon parkeringsdekke, datert 11.01.2018
10. Illustrasjon leikeplass, datert 11.01.2018
11. Illustrasjon p.plassar Bs/L, datert 13.01.2020
12. Kart svingradiusar, datert 13.01.2020
13. Snitt, datert 30.09.2017
14. Snitt og fasadar, datert 30.09.2017
15. Planvedtak, datert 11.03.2020

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa Nordhordland. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Grunna fare for koronasmitte vert ikkje dokumenta lagt tilgjengeleg på rådhuset eller på innbyggjarservice med det første. Om ein har vanskar med å finne plandokumenta kan ein ta kontakt med kommunen via e-post eller telefon.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 01.04.2020 – 03.06.2020

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til

Alver kommune
postboks 4,
5906 Frekhaug. Merknaden stilast til plan v/ Arealforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 03.06.2020


Sist oppdatert: 18.05.2020
Publisert: 31.03.2020