HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljreguleringsplan – Manger sentrum aust - 2.gong offentleg høyring og ettersyn.

Detaljreguleringsplan – Manger sentrum aust - 2.gong offentleg høyring og ettersyn.

Planframlegget opnar for etablering av ny brannstasjon i Manger sentrum, samt opprydding i eldre reguleringsplanar, mellom anna for å regulera eksisterande avkøyrsler frå Radøyvegen (Fv. 409). Etter første gong offentleg høyring og ettersyn er planframlegget justert med omsyn tilbyggegrenser, kulturminne og plasskrevjande næring.

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa Nordhordland. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive. Utvalde plandokument ligg og til gjennomsyn, du finn dei i eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger.

Merknadsfrist er sett til 19.02.2020.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. Merknad stilast til planavdelinga. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til post@alver.kommune.no  

eller sende brev til

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

 

Plandukumenta finnast her:

PLANKART
FØRESEGNER
PLANOMTALE
ROSANALYSE


Sist oppdatert: 17.02.2020
Publisert: 01.01.2020