HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljreguleringsplan for Risøy ute på høyring

Detaljreguleringsplan for Risøy ute på høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12-11, har Utval for areal, plan 2.9.2020, som sak 120/20, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 57,5 daa og er lokalisert nordaust på Risøy. Med unntak av 5 tomtar er heile området allereie ferdig bygd ut. Intensjonen med planforslaget er og stadfeste eksisterande situasjon og oppdatere plangrunnlaget til dagens reguleringspraksis med gitte føringar i overordna plan.


Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Har du innspel?

Perioden for offentleg ettersyn og høyring er sett frå 12.9.2020 til 24.10.2020

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen, og kan sendast enten via elektronisk høyringsskjema , e-post til post@alver.kommune.no eller brev til

Alver kommune
postboks 4
5906 Frekhaug.
Merknaden stilast v/Arealforvaltning.

Trykk her for elektronisk høyringsskjema

Merknadsfrist er sett til 24.10.2020


Sist oppdatert: 11.09.2020
Publisert: 10.09.2020