Eigedomsskatt i Alver for 2020

Kommunestyret har i budsjettvedtak for 2020 vedtatt å skrive ut eigedomsskatt «på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglanefor petroleum» etter eigedomsskattelova § 3 c). Samstundes er det vedtatt å skrive ut eigedomsskatt etter overgansgreglane til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 først og andre ledd.

På bakgrunn av kommunestyre sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2020,og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert ei eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå torsdag 27. februar. Lista viser dei skattepliktige eigedommane med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Trykk her for å sjå skattelista

Skattelista er i tillegg lagt ut i ekspedisjonen på rådhuset i Knarvik. 

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på det same grunnlaget tidlegare år. Klaga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14.

Eigedomsskattekontoret har adresse:

  • Alver kommune
    Kvernhusmyrane 20
    5914 Isdalstø

 


Sist oppdatert: 14.09.2020
Publisert: 27.02.2020