HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarForskrift om slamtømming på høyring

Forskrift om slamtømming på høyring

I medhald av Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensingsloven) §26 har Formanskapet i møte den 03.09.2020, som sak 078/20, gjort vedtak om å leggje forskrift om slamtømming i Alver kommune ut på høyring .

Kommunen er etter forurensingsloven § 26 pålagt å syte for tømming av mindre avløpsanlegg.

Radøy, Meland og Lindås kommunar vedtok alle same forskrift i 2014, som gjeld kommunal slamtømming. Som følgje av kommunesamanslåinga og Forskrift om samanslåing til Alver kommune gjeld tidlegare forskrifter til 31.12.2020, jf. § 3.

Ny forskrift har teke utgangspunkt i den eksisterande forskrifta, og det er gjort presiseringar og naudsynte oppdateringer. Forskriften er hovudsak tilsvarande som den gjeldande forskriften.

Slik kjem du med innspel

Merknader til forskrifta må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. Du kan anten nytte elektronisk høyringsskjema:

Trykk her for elektronisk høringsskjema

Eller sende e-post til post@alver.kommune.no, eller per post til

Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug.
Merknaden stilast til Miljø og tilsyn.

Merknadsfrist er sett til 14.10.2020.


Sist oppdatert: 14.09.2020
Publisert: 14.09.2020