HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring av planprogram for kommunedelplan "Sambandet Vest"

Høyring av planprogram for kommunedelplan "Sambandet Vest"

Vedtaket er heimla i plan og bygningslova § 11-3 og forskrift om konsekvensutgreiing § 6.
Planprogrammet blei lagt ut fyrste gong til offentleg ettersyn sommaren 2019 av kommunane Askøy, Meland, Radøy og Lindås. Etter dette er kommunane Meland, Radøy og Lindås slått saman til Alver kommune. På grunn av formell feil ved utsending av planprogrammet i 2019 vert planprogrammet med tilhøyrande silingsrapport no sendt ut på ny høyring. Planprogrammet og silingsrapporten er uendra.

Arbeidet er forankra i kommunestyret i dei fire kommunane slik:

  • Askøy, vedtak 27.08.2019 i Formannsskapet sak 92/19
  • Meland, vedtak 12.06.2019 i Formannskapet i sak 50/19
  • Radøy, vedtak 06.06.2019 i Formannsskapet i sak 29/19
  • Lindås, vedtak 19.06.2019 i Plan- og miljøutvalet i sak 62/19

Føremålet med kommunedelplanen er ny veg med brusamband mellom kommunane Askøy og Alver kommune.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 04.06.20-30.07.20.

Det er ikkje nødvendig å senda merknader som vart sendt i samband med offentleg ettersyn i 2019 på nytt dersom dei er uendra.

Merknadsfrist er sett til 30.07.2020.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til ingrid.finne.klynderud@norconsult.com eller i brev til

Norconsult AS,
Valkendorfsgaten 6,
5012 BERGEN
ved Ingrid Finne Klynderud.

Her er dokument for nedlasting:


Sist oppdatert: 20.06.2020
Publisert: 05.06.2020