HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring på sak om driftstilskot til lag og organisasjonar

Høyring på sak om driftstilskot til lag og organisasjonar

Saka vart handsama i utvalet sitt møte 9. juni 2020.

Trykk her for å lese heile saka.

Bakgrunn for saka

I Alver kommune har vi lag/organisasjonar som utmerka seg innan sitt felt. Dette gjeld til dømes korps som utmerkar seg på elitenivå og idrettslag som arrangerer store arrangement som trekkjer tusenvis av deltakarar. Felles for desse er at dei er fyrtårn innan sitt felt. 

Fast årleg driftstilskot skil seg frå ordinær driftstilskot som lag og foreiningar i Alver kommune kan søkje innan 1. mars kvart år. Fast driftstilskot til lag som er så viktige for Alver at kommunen bør medverke økonomisk til drifta. Målet er å skape føreseieleg økonomiske rammar for vidare satsing og utvikling innan sitt nivå og felt. 

Som døme på dette kan nemnast at tidlegare Radøy kommune hadde ei ordning om fast kommunal driftstilskot til Manger musikklag på 75.000 kroner per år, samt fast driftstilskot til Vestnorsk utvandringssenter. I Lindås kommune hadde ein avtale mellom kommunen og Knarvikmila. Driftstilskotet utgjorde eit viktig bidrag for føreseieleg økonomi.  

 

Slik kan du kome med innspel

Fristen for å kome med innspel er torsdag 20. august 2020. 

Har du innspel? Gjer det på ein av to måtar: 

  • Send innspelet ditt på e-post til post@alver.kommune.no 

  • Send innspelet ditt med posten til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug 

Merk innspelet ditt med «Kommunal driftstilskot til lag/foreiningar i Alver kommune».


Sist oppdatert: 03.07.2020
Publisert: 29.06.2020