Har du innspel til samfunnsdelen?
Fleire hundre innbyggjarar, tilsette og politikarar har kome med fleire tusen innspel til arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel.
11. november 2021 samla formannskapet seg om eit høyringsutkast og inviterer til ny runde med innspel.
Fristen for å komme med innspel i denne runden var 15. februar
Høyringsutkastet og rapportar frå arbeidet
Høyringsutkast: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2034.
Trykk på knappen over for å lese høyringsutkastet til ny samfunnsdel. Du kan også låne eit papirdokument på innbyggjarservice i Knarvik Senter, kommunehuset på Manger eller kommunehuset på Frekhaug.
Rapportar frå medverknadsperioden:
- Melding frå folket
- Nærsenterrapport
- Samtale med råda
- Mitt Alver
- Digital samfunnsdialog
- Melding frå administrasjonen
- Tenketank med næringslivet
Andre rapportar og dokument:
- Politisk sak til formannskapet 11. november 2021
- Vedtaket til formannskapet 11. november
- Rapport om senterstruktur
- Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel
- Oppsummering av analysefasen
- Folkehelseoversikt
Informasjonsfilm om høyringsutkastet
Ordførar Sara Hamre Sekkingstad og varaordførar Øyvind Oddekalv har laga ein informasjonsfilm om høyringsutkastet til samfunnsdel.
Trykk her for å sjå informasjonsfilmen.
Ordførar og varaordførar på senterturne
Ordførar og varaordførar drar til alle lokal- og nærsenter i kommunen.
Her kan du møte dei og slå av ein prat om samfunnsdelen:
- Knarvik Senter: Fredag 26. november klokka 16.00-18.00
- Radøyhallen: Søndag 28. november klokka 11.00-12.30
- Bøvågen, julemarknad: Onsdag 1. desember klokka 15.00-16.30
- Rossland, ungdomshuset: Søndag 5. desember klokka 12.00-14.00
- Frekhaug torg: Fredag 4. februar klokka 16.00 – 18.00
- Lindås senter: Lørdag 5. februar klokka 12.00 – 14.00
- Myking, nærbutikken: Tysdag 8. februar klokka 14.00-16.00
- Seim, Spar: Onsdag 9. februar klokka 15.00-16.30
- Ostereidet, Rema 1000: Fredag 11. februar klokka 16.00-18.00
- Alverflaten, Kiwi: Lørdag 12. februar klokka 12.00-14.00
Velkommen til høyringsmøte i februar
Ordførar ønskjer velkommen til fysiske møte:
- Frekhaug: Onsdag 2. februar. Meieriet. Kl. 18.00 – 19.30
- Manger: Torsdag 3. februar. Kommunehuset. Kl. 18.00 – 19.30.
- Knarvik: Måndag 7. februar. Helsehuset. Kl. 18.00 – 19.30
- Lindås: Onsdag 9. februar. Lindåshallen. Kl. 18.00 – 19.30
- Ostereidet: Tysdag 15. februar. Biblioteket på ungdomskulen. Kl. 18.00 – 19.30
Program:
- Innleiing og informasjon om samfunnsdelen - ordførar Sara Hamre Sekkingstad og prosjektleiar Line Thuen Waage
- Kort informasjon om oppstart av arbeid med kommuneplanen sin arealdel – prosjektleiar Marte Hagen Eriksrud
- Diskusjon og spørsmål
Påmelding:
Send ein e-post til tove.mette.fyllingen@alver.kommune.no, eller ring Tove Mette Fyllingen på mobil 47 46 41 45
Slik kan du komme med innspel
Høyringsfristen var 15. februar 2022.