HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKorleis skal vi forme framtida til Alver - ilag?

Korleis skal vi forme framtida til Alver - ilag?

Korleis vil du kome med innspel til Alver kommune sin framtidsplan? Kva tema er viktig for deg?

19. mars vedtok formannskapet at vi skal starte arbeidet med kommuneplanen og leggje planprogrammet til kommuneplanen sin samfunnsdel ut på høyring.

Kommuneplanen seier kva mål vi skal ha for framtida til Alver. Planprogrammet er ein plan for arbeidet med samfunnsdelen, og seier mellom anna korleis vi skal hente innspel og kva tema vi skal sjå nærare på.

Les planprogrammet her

Trykk her for å laste ned og lese planprogrammet.

Trykk her for å lese saksframlegget og vedtaket til formannskapet.

Ønskjer du å lese planprogrammet på papir, kan du låne eit eksemplar frå innbyggjarservice på Knarvik Senter.

Slik kan du kome med innspel

Fristen for å kome med innspel er tysdag 2. juni.

Har du innspel til planprogrammet? Gjer det på ein av fire måtar:

  • Send innspelet ditt på e-post til post@alver.kommune.no.
  • Lever innspelet ditt til innbyggjarservice på Knarvik Senter.
  • Send innspelet ditt med posten til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug.

Merk innspelet ditt med «planprogram for kommuneplanen».

Kva skjer vidare?

Vi les og vurderer alle innspela.

Formannskapet behandlar innspela og vedtar planprogrammet.

Til hausten startar arbeidet med kommuneplanen for fullt. Då inviterer vi alle i Alver til å kome med innspel til sjølve planen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om arbeidet, som vi håpar du vil ta aktivt del i.

Framtida til kommunen er framtida di. Difor er det viktig for oss å høyre kva du meiner!


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 15.04.2020