HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedteke reguleringsplan

Kunngjering av vedteke reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Alver kommunestyre 17.09.2020, sak 095/20, vedtatt følgjande reguleringsplan:

Detaljregulering for fv. 564 Frekhaugkrysset, inkl. utbetring av fv. 244 Sagstadvegen

Føremålet med planframlegget er å legge til rette for ny kryssløysing i form av rundkøyring ved Frekhaug sentrum, samt regulering av trygge løysingar for gåande og syklande langs fv. 564 og fv. 244 Sagstadvegen. I tillegg er det regulert areal til ny kollektivhaldeplass i sentrum.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Planvedtaket kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28. Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:

Alver kommune,
Plan v/Arealforvaltning,
postboks 4,
5906 Frekhaug,

eller som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 14.10.2020.

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa eller når bebyggelse er fjerna.


Sist oppdatert: 29.09.2020
Publisert: 22.09.2020