HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering om vedtaksendring for David Johnsens fond

Kunngjering om vedtaksendring for David Johnsens fond

Det geografiske området blir utvida frå tidlegare Radøy kommune, til Alver kommune i samband med kommunesamanslåing.
Publisert: 07.06.2023
Sist endra: 07.06.2023

David Johnsen fond vart stifta 16.08.1950, og gir støtte til vidaregåande skule og studiar, i første rekkje innan handverks-, handels- og landbruksfag

Fondet har vore eit tilbod til innbyggjrar i tidlegare Radøy kommune, no ønskjer kommunen å utvide nedslagsfeltet - slik at alle innbyggjarar i Alver kommune kan søkje om støtte frå fondet.

Dersom nokon i nær familie, eller andre som har kjennskap til opprettar har motsegn til utviding av det geografiske området, må dei fremje det innan 30.06.2023.

Send ein e-post til post@alver.kommune.no.