Kunngjering oppdrett Bjørsvik

I føresegnene til gjeldande kommuneplan er det gjeve at «I områda sett av til akvakultur ved Bjørsvik, ved Likulten nord for Myking og ved Ådnøy, er det berre tillate med lukka anlegg og FOU-anlegg».

Om anlegget

Søknaden gjeld eit lukka/semilukka anlegg på sjøen for produksjon av postsmolt, der fisken kan gå til den er omlag 1 kg. Dette vil redusera tida fisken har i opne merdar. Enheten det her er søkt om består av to runde produksjonskammer som er 60m lang x 8m i diam. Kvart produksjonskammer er på 3000m3, så totalt er enheten på totalt 6 000m3. Fiskeslaget er sjøaure.

Saksdokument

Slik kjem du med innspel

Søknaden er ute til offentleg gjennomsyn i 4 veker. 

Grunna COVID-19 pandemien er ikkje søknad lagt ut til gjennomsyn ved Alver kommune sitt rådhus eller kommunehus. 

Frist for merknadar er 3. august. Innspel og merknader kan sendast til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug eller på e-post til post@alver.kommune.no.


Sist oppdatert: 06.07.2020
Publisert: 06.07.2020