HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering planvedtak detaljplan Feste kai.

Kunngjering planvedtak detaljplan Feste kai.

Alver kommunestyre gjorde i møte 20.2.2020 vedtak om eigengodkjenning av: Detaljplan Feste kai- og næringsområde, planID 1263-201609, Sak 005/20

Bakgrunn

Føremålet med planen er å leggje til rette for utbetring av kaifront, avsetje tomt til bustadhus, mogleg utbygging av mindre leilegheiter, avklare tilkomst og parkeringstilhøve, ramme for vidare næringsverksemd og tiltak knytt til sjø- og hamneområde.

Berørte grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive. Aktuelle interessenter og partar er med dette gjort kjend med vedtaket.

Plandokumenta finn du her på Alver kommune sine heimesider. Det er og mogleg og sjå planområde og plandokumenta i digitalt planarkiv. Følg rettleing under den einskilde sak eller du kan gå til www.nhkart.no og vel "planregister".

Detaljplanen omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart 19.5.2020
  2. Føresegner 13.5.2020
  3. Planomtale 3.6.2019
  4. ROS-analyse 15.5.2018
  5. Vindanalyse 20.6.2018
  6. Planvedtak SAK 005/20 20.2.2020

Om klage og verknad av planar

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på, jf. Forvaltningslova (fvl) § 28. Klagefristen er 3 veker rekna frå kunngjeringsdato, 19.6.2020, jf fvl. § 29 1. ledd.

Eventuell klage må vere skriftleg, skal stilast til Fylkesmannen i Vestland, men sendast til:

Alver kommune,
postboks 4,
5906 Frekhaug, eller som e- post til post@alver.kommune.no

Ein reguleringsplan fastset framtidig bruk i innan for planområdet, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jf pbl § 12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 18.08.2020
Publisert: 19.06.2020