HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOffentleg høyring og ettersyn for detaljregulering Framo Flatøy AS

Offentleg høyring og ettersyn for detaljregulering Framo Flatøy AS

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 10.06.2020, som sak 098/20, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 147 daa og omfattar eksisterande industriområde sørvest på Flatøy. Planforslaget legg til rette for utviding av næringsområdet, hovudsakleg med fylling i sjø. Utvidinga skal gje plass til nye produksjons- og lagerbygningar, samt større utandørsareal og eksportkai.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Saksframlegg

  1. Planomtale,datert 18.05.20
  2. Føresegner,datert 18.05.20
  3. Plankart,datert 18.05.20
  4. KU Landskap,kultur og friluftsliv, datert 24.04.20
  5. KU Biologisk mangfald, datert 12.12.19
  6. KU forureining, datert 13.12.19
  7. Strømvurdering,datert 10.12.19
  8. Miljøgeologiske undersøkelser, datert 9.12.19
  9. Risiko-og sårbarhetsanalyse, datert 12.12.20
  10. VA-rammeplan,datert 6.03.20
  11. Uttale kultur, datert 12.05.20
  12. Uttale landbruk, datert 14.05.20
  13. Merknadsskjema frå planoppstart, datert 27.04.20
  14. Illustrasjonsplan,datert 18.05.20
  15. Tilkomstveg Framo C001, datert 28.04.20
  16. Tilkomstveg øst C002, datert 30.08.19
  17. Vegtegning SV1 og SV2, datert 6.03.20
  18. Snitt,datert 30.01.20

Har du innspel?

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 20.06.2020 – 11.09.2020

Klikk her for å komme til det elektroniske høyringsskjemaet.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.  For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema eller sende ein e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.
Merknaden stilast til Planforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 11.09.2020

Det vert folkemøte i kommunehuset på Frekhaug tysdag 30. juni kl. 1900. På grunn av smittevern vert det bindande påmelding. Send e-post til ingrid.raniseth@alver.kommune.no innan fredag 26. juni.


Sist oppdatert: 29.06.2020
Publisert: 19.06.2020