HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOffentleg høyring og ettersyn planendring for områdeplan Knarvik.

Offentleg høyring og ettersyn planendring for områdeplan Knarvik.

Areal-, plan- og miljøutvalet gjorde i møte den 10.6.2020, sak 097/20 vedtak om at framlegg til endring av Områdeplan Knarvik, planiD 1263-201002, kunne leggjast ut til offentleg høyring og ettersyn.

Bakgrunn

Hovudmålet med områdeplanen er å utvikle Knarvik til ein attraktiv og grøn småby med bymessige strukturar og kvalitetar. Knarvik skal utviklast slik at dei gåande har ei klar prioritering og det skal bli tilrettelagt for handel, service, effektive parkerings-løysingar og gode byrom for aktivitet og sosialt samvære. Områdeplanen har eit langsiktig perspektiv og skal vere ein transformasjonsplan som skal bidra til å endre eller omforme den tettstaden vi kjenner i dag til eit meir attraktivt og tilgjengeleg region- og kommunesenter.

Det er forventa at ein plan med eit stort omfang og som er samansett av ulike føremål, bruksområde og moglege løysingar vert justert. Erfaringane knytt til gjennomføring så langt syner at dette behovet er til stades no og er den fyrste av i det minste to endringar. Denne fyrste tar føre seg føresegna og målsettinga er at ein på ein betre måte tydeleggjer, forenklar og avklarar på ein rammene for å gjennomføre byggjetiltak i Knarvik.

Plandokumenta:

a)    Juridisk bindande

  1. Plankart
  2. Føresegner

b)    Gjev ramme for innhald, kvalitet og utforming

  1. Planomtale
  2. Illustrasjonsplan
  3. Kvalitetsprogram
  4. Grøne punkt
  5. Grøn overflatefaktor 

c)    Tydeleggjer detaljert formgjeving og innhald i offentlege gater og byrom

  1. Gatebruk- og lysplan
  2. Offentlege gater og uterom (Skisseprosjekt)

I samband med høyring og offentleg ettersyn vert plandokumenta å sjå her og i digitalt planarkiv trykk her eller gå til www.nhkart.no og velg planregister. Berørte grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrivne.

Grunna COVID-19 pandemien er ikkje planen lagt ut til gjennomsyn ved Alver kommune sine kommunehus.

Dialogmøte:

Det vert organisert dialogmøte med grunneigarar og interessegruppa i siste del av høyringsperioden. Eige opplegg vert annonsert

Merknadsfrist:

Innspel, framlegg og merknadar må vere skriftleg og sendast innan 11.9.2020 i vårt elektroniske høyringsskjema.

Du kan også send eit brev til:

Alver kommune,
postboks 4,
5906 Frekhaug

eller som e- post til post@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 29.06.2020
Publisert: 19.06.2020