HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmrådereguleringsplan for Ostereidet

Områdereguleringsplan for Ostereidet

Frist for å komme med merknad er 11.9.2020

Områdereguleringsplan er på avgrensa høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Om planen

Hovudføremålet med områdereguleringsplanen er å legge til rette for god stadsutvikling på Ostereidet, både ved senter- og skule-, idretts-, barnehage- og kyrkjeområdet, og å legge grunnlaget for etablering av ei trafikksikker samanbinding for mjuke trafikantar mellom desse to hovudområda.

I senterområdet viser planen strukturering av funksjonane, flytting av kollektivterminal, auka næringsareal, bustader og utbetring av avkøyrsle frå E39. Ved skule-, idretts-, barnehage- og kyrkjeområdet vert det lagt til rette for ny idrettshall og parkeringsplassar i tilknyting til denne, samt at kollektivområdet ved skulane vert forbetra og vegsystemet meir trafikksikkert. I tillegg vert det opna for utviding av barnehagen, og barne- og ungdomsskulen også dersom det vert behov for dette i framtida.

Høyring

Områdeplanen var på 1.gangs høyring og offentleg ettersyn i perioden 4.juni-31.juli 2019.

Statens vegvesen varsla motsegn fordi planframlegget ikkje var tilfredstillande når det gjaldt trafikktryggleik.

Plandokumenta er endra i tett dialog med vegmyndigheitene slik at motsegn kan trekkast.

Relevante offentlege instansar, grunneigarar som vert råka av endringane og dei nærmaste naboane er direkte tilskrivne.

Alle endingane som er gjort i planframlegget etter 1.gangs høyring går fram av dokumentet Endringsskjema etter høyring.

Oppdaterte plandokument er å finna nedanfor.

Vi ber om at merknader til planframlegget er skriftlege og vert sendt innan 11.9.2020 i vårt elektroniske høyringsskjema.

Trykk her for elektronisk høyringsskjema

Du kan også send eit brev til:

Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug

eller som e- post til post@alver.kommune.no 

Merk sendinga med saksnummer 20/12584


Sist oppdatert: 20.07.2020
Publisert: 05.07.2020