HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmrådereguleringsplan for Rylandshøgda, gnr. 343 – Melding om planvedtak

Områdereguleringsplan for Rylandshøgda, gnr. 343 – Melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Kommunestyret 14.5.2020, som sak 023/20, med slikt vedtak:

«Alver kommunestyre godkjenner framlegg til områderegulering for Rylandshøgda, PlanID 1256 2016 0004, som vist på plankart sist datert 31.01.2020 og med føresegner av revisjonsdato 31.01.2020. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, med følgende endring: Føresegn 3.3 c tas ut. (Det skal ikkje nyttast reflekterande takflater. Fargebruk på bygningar skal tilpassas ein jordfargeskala som ikkje skil seg ut.).»

De er med dette gjort kjend med vedtaket.

Planen legg til rette for bustadutbygging og styrka utvikling av det viktige lokalsenteret Vikebø.

Områdereguleringsplanen omfattar følgjande dokument:

For å sjå plandokumenta i digitalt planarkiv trykk her.

Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive. Grunna COVID-19 pandemien er ikkje planen lagt ut til gjennomsyn ved Alver kommune sine rådhus.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på, jf. Forvaltningslova § 28. Klagefristen er 3 veker rekna frå kunngjeringsdato, 22.5.2020, jf. Fvl. § 29 1. ledd.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:

  • Alver kommune
    postboks 4
    5906 Frekhaug

Eller som e- post til post@alver.kommune.no

Områdereguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend områdereguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.

Klagefrist er sett til 14.6.2020


Sist oppdatert: 22.05.2020
Publisert: 19.05.2020