HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarReguleringsplan for Akvakulturlokalitet Toska sør – Melding om planvedtak

Reguleringsplan for Akvakulturlokalitet Toska sør – Melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Kommunestyret 25.6.2020, som sak 054/20, med slikt vedtak:

«Alver kommunestyre godkjenner framlegg til reguleringsplan for Akvakulturlokalitet Toska sør, PlanID 12602019000400, som vist på plankart sist datert 4.11.2019 og med føresegner av revisjonsdato 25.5.2020. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-12.».

De er med dette gjort kjend med vedtaket.

Planen legg til rette for flytting av akvakulturlokalitet med moglegheit for ein framtidig auke av MTB.

Reguleringsplanen omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart_4.11.2019
  2. Føresegner_25.5.2020
  3. Planomtale_25.5.2020
  4. KU_Naturmangfald_2951
  5. Planprogram_12.6.2019
  6. Merknadsskjema_offentleg ettersyn
  7. Uttalar og merknadar_offentleg ettersyn
  8. Saksframlegg til 1. gongs handsaming
  9. Planvedtak_25.6.2020

For å sjå plandokumenta i digitalt planarkiv trykk her.

Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Grunna COVID-19 pandemien er ikkje planen lagt ut til gjennomsyn ved Alver kommune sine kommunehus.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på, jf. Forvaltningslova § 28.

Klagefristen er 3 veker rekna frå kunngjeringsdato, 1.7.2020, jf. Fvl. § 29 1. ledd. 

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til: Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug,

eller som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 22.7.2020


Sist oppdatert: 29.06.2020
Publisert: 29.06.2020