HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarUtbyggingsavtale mellom Alver kommune og Danielsen skule

Utbyggingsavtale mellom Alver kommune og Danielsen skule

I medhald til plan- og bygningsloven § 17-4, 2. ledd vert framlegg til utbyggingsavtale mellom Alver kommune og Danielsen skule for detaljregulering Danielsen skule (planID 125620110003), vedtatt av kommunestyret den 10.05.17 (sak 54/17), lagt ut til offentleg ettersyn med 30 dagars frist for merknader.

Etter offentleg ettersyn skal sak om godkjenning av avtalen bli handsama av kommunestyret.

Avtalen regulerer tilhøve kring fordeling av kostnader, samt ansvar og gjennomføring av rekkjefølgjekrav i detaljreguleringsplanen.

Avtaleutkastet kan sjåast i resepsjonen i kommunehuset på Frekhaug og her på kommunen sine nettsider.

Merknadsfrist er sett til 27.02.2020.

Merknader til utbyggingsavtalen må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist.

Merknad stilast til Eigedomsforvaltinga. For å kome med merknad kan ein anten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til post@alver.kommune.no eller sende brev til

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Trykk her får å sjå utbyggingsavtalen


Sist oppdatert: 17.02.2020
Publisert: 28.01.2020