HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarVarsel om oppstart detaljreguleringsplan i Knarvik

Varsel om oppstart detaljreguleringsplan i Knarvik

I samsvar med vedtak i Areal, plan‐ og miljøutvalet  10.6.2020, sak 099/20 varslast om oppstart av planarbeid for reinseanlegg, pumpestasjon og robuste bustadar i Knarvik Gbnr. 188/ 406, 420 og 802 mfl. PlanID 4631 2020 002.

Planområdet ligg i søraustlege delen av Knarvik sentrum og strekkjer seg frå allmenningen sør for Helsehuset og omfattar eigedommane gbnr. 188/370, 737, 406 og 420, Nordhordland legevakt, KIM, Gjenbruksbutikken, BKK, NAF-senteret, delar av parkområdet rundt Kvassnesstemma og friområdet på Kvassneset.

Planområdet er ca 93 daa.

Initiativtakar for detaljreguleringsplanen er Eigedomsforvaltning i Alver kommune.

Bakgrunn

Bakgrunn for planarbeidet er at det skal byggast fleire bygg i kommunal regi i Knarvik sentrum i åra framover, det skal mellom anna byggjast nytt reinseanlegg med tilknytt pumpestasjon, og omsorgsbustader for rus og psykiatri.
I samband med gjennomføringa av områdeplanen for Knarvik er det trong for mellombelse parkeringsplassar tilknytt Helsehuset, samt vurdera køyretilkomst til felt o_BOP2 som ligg sør for Helsehuset.  

Delar av Kyststien skal inngå i ei heilskapleg planlegging av området og det skal etablerast universelt utforma møteplass i friområdet ved Kvassneset.

Tiltak som inngår i planarbeidet

Tilkomst til o_BOP2

I områdeplan for Knarvik har felt o_BOP2 for offentleg tenesteyting ikkje vegtilkomst. Eigedommen er ubebygd og den skal nyttast som mellombels parkeringsplass mao for helsehuset. Slik planen er utforma har eigedommen berre tilkomst frå gangaksen leikeløypa, mogeleg køyretilkomst frå sør skal vurderast i planarbeidet.

Mellombels parkering ved Helsehuset

I samband med realisering av områdeplanen for Knarvik er det behov for mellombelse parkeringsplassar ved Helsehuset før permanent parkeringsløysing for sentrum er på plass.

Rusomsorgsbustader

Bustadane er skal lokaliserast på gbnr. 188/405 innanfor felt o_BOP3 i områdeplan for Knarvik.

Prosjektet er forankra i Bustadsosial handlingsplan 2017-2021 for tidlegare Lindås kommune, vedteke i KO 21.juni 2017. I handlingsplanen er det lagt fram behov om etablering av sju omsorgsbustader for menneske med rus- og samtidig psykisk liding der ein av desse skal vere ein avlastningsbustad/ akuttbustad. Tiltaket vert bemanna. Omsorgsbustadane vil ha eit nettoareal på min 40m² pr. eining i tillegg til ein personalbase. Bustadane skal ha eige uteareal/terrasse med moglegheit for sol og skugge. Samla arealbehov vil være bueiningar + personalbase ca. 350 – 400m².

o_BOP3

Felt o_BOP3 omfattar fleire bebygde eigedommar som Nordhordland legevakt, KIM, Gjenbruksbutikken og NAF-senteret i tillegg til tomt for rusomsorgsbustader. Det er krav i områdeplan for Knarvik at eigedommane innanfor o_BOP3 skal planleggjast i ein heilskap, det er bakgrunnen for at desse er teke med i planområdet.Grunneigarane skal inviterast til medverknad tidleg i planprosessen. 

Reinseanlegg

Hovudutsleppet av avlaupsvatn frå Knarvik sentrum (Kvassneset avlaupssone) går i dag urensa til Osterfjorden fra Kvassneset. Det hastar derfor å etablera eit godkjent reinseanlegg for området. Utslepp frå nærliggande områder er rensa i silanlegg og slamavskillare.

Området som skal tilknyttast reinseanlegget i Knarvik er tettstadbebyggelsen frå Knarvik, Alversund, Alverstraumen, samt Flatøy. Reinseanlegget er plasskrevjande, prosesshallen er ca 55 m x 20 m og i tillegg skal det byggast ein personalbase, og anlegget må ha  tilkomst med stor bil.

Det er gjort ei teknisk vurdering av 3 ulike lokaliseringar av nytt reinseanlegg i Knarvik, 2 i friområdet ved Kvassneset og i felt o_BIN 5. Felt o_BIN 5 i områdeplan Knarvik vert vurdert å være den best eigna lokaliseringa av desse 3 alternativa.

Pumpestasjon

Gbnr. 188/802 Det skal byggast ein pumpestasjon i tilknytning til reinseanlegget på Kvassneset. Det må byggast ein tilkomstveg til pumpestasjonen, terrenget er bratt og det er utfordrande å finna ein god trase for vegen. Dette vert eit tema i planarbeidet.

Kyststi

I kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen er det lagt inn trase for kyststi i området. Det er krav om detaljregulering av kyststien. Kyststien skal inngå i ein heilskapleg planlegging av området og vert ein del av reguleringsplanen og sett i samanheng med møteplass ved Kvassneset.

Møteplass ved Kvassneset

Alver kommune har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til å prosjektera ein universell utforma møteplass ved Kvassneset, dette arbeidet skal gjennomførast og leggast til grunn for reguleringsplanen.

Planstatus for dei ulike tiltaka

Delar av planområdet som ligg innanfor områdeplan for Knarvik(2015):

  • Robuste bustader, rus og samtidig psyk, offentleg tenesteyting, o_BOP3 ved Kvassnestemma
  • Reinseanlegget, offentleg tenesteyting, o_BIN 5 ved Kvassnesstemma
  • Mellombels parkering, delar av offentleg tenesteyting o_BOP2
  • og allmenning i felt o_ST3.
  • Vurdering av endra avkøyrsel til offentleg tenesteyting o_BOP2
  • Delar av friområdet rundt Kvassnesstemma
  • Delar av planområdet som ligg innanfor kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen(2019-2031):
  • Pumpestasjonen ved Kvassneset avsett til andre bygg og anlegg.
  • Universelt utforma møteplass i friområdet ved Kvassneset

Planprogram og konsekvensutgreiing

Det er ikkje krav om planprogram for detaljreguleringsplanen, men i planarbeidet skal det gjerast ei vurdering av om arealendring knytt til reinseanlegget vil krevje konsekvensutgreiing etter vedlegg II i forskrift for konsekvensutgreiingar. Tiltak i vedlegg ll skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentleg verknad for miljø og samfunn.

Har du merknadar? 

Frist for å kome med merknad til oppstart av planarbeidet er sett til 11.9.2020. Berørte grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Saksnummer 20/10133

For innsending av skriftleg merknad nyttast :

Elektronisk skjema.

E- post til post@alver.kommune.no

eller brev til

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

Dokument 


Sist oppdatert: 14.09.2020
Publisert: 19.06.2020