Innsyn i saker

Vi informerer om forsenking:

Postmottak/dokumentsenteret i Alver kommune har vore i drift nokre dagar, og vi jobbar kontinuerleg med å ta hand om all post som kjem inn til kommunen. Det er også eit større etterslep på post frå dei gamle kommunane, som ikkje har kunna blitt handtert fortløpande, grunna avslutting av sak-/arkivsystemet.

Dette medfører eit større arbeid med å kome ajour og få publisert postliste.
Vi seier oss leie for dette, og håpar å kome ajour så snart som mogleg.

Her kan du få innsyn i saker og aktivitet i kommunen:

Er du på jakt etter saker og aktivitet frå ein av dei gamle kommunane?

Trykk her for innsynsløysinga til gamle Lindås kommune

Trykk her for innsynsløysinga til gamle Meland kommune

Trykk her for innsynsløysinga til gamle Radøy kommune

Om å senda post til Alver kommune

Alver kommune har eit mål om at vi skal vera "gjennomsiktige", slik at alle kan sjå kva som skjer i kommunen. Samstundes handsamar kommunen mykje informasjon som er underlagt teieplikt.  

Alle arkivverdige dokument vil bli vurderte med tanke på offentleggjering. Dette gjeld både brev og e-post til og frå kommunen, samt ei rekkje "interne dokument". Alver kommune behandlar e-post og brevpost på same måte når det gjeld sakshandsaming

For nærare informasjon om reglane som gjeld for offentleggjering og teieplikt, sjå "Rettleiar til offentleglova". 

Her finn du lenker til offentleglova og forvaltningslova og arkivlova som regulerer journalføringsplikt.

Nærare om e-post til kommunen:

  • E-post til kommunen bør innehalde fullt namn, men ikkje andre personopplysningar som til dømes fødselsnummer eller personnummer, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 1
  • NB: Send aldri sensitiv informasjon per e-post, til dømes opplysningar om helsetilhøve eller diagnosar, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 8
  • Vi har fleire elektroniske skjema på heimesida. Det er trygt å sende opplysningar til kommunen på denne måten. Der det ikkje finst eit elektronisk skjema, må du skrive ut skjemaet på papir, signere det og sende det til kommunen.  
Innsynsrett i offentlege dokument og journalar

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, om det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Kommunen skal likevel vurdere om dokument som ikkje er offentlege, heilt eller delvis kan gjerast kjende (meirinnsyn). 

Kva inneheld den offentlege postjournalen? 

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande post, utgåande post og interne notat. Her finn du oversikt over saksmapper og dokument, namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet. Når du har funne fram til eit dokument du som du vil tinge, kan du krevje innsyn skriftleg eller munnleg.

Sakshandsamingstid for innsyn

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det vil normalt gå ein til tre arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem dagar, er det å sjå på som avslag, og du kan rette ei skriftleg klage til kommunen.

Trykk her for å klage på avslag på søknad

Høve til å klage

Dersom ditt krav om innsyn blir avslått, skal kommunen syne til den paragrafen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høve til å klage og klagefristen. Alle avslag skal innehalde ei grunngjeving.

Dersom kommunen held fast på vedtaket om avslag, kan dette klagast inn for Fylkesmannen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Klagen skal avgjerast så snart som mogleg.

I samband med handsaming av klagen kan Fylkesmannen også bestemme at dokumentet skal gjerast kjend - heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

Tenk på følgjande før du sender brev eller e-post til oss:

Hugs at all post du sender til kommunen, kan bli lagt ut på offentleg postjournal - om han ikkje er underlagt teieplikta. Det betyr at du kan finne att brevet eller e-posten din i journalen, og risikere at innhaldet vert omtalt i media.

Dokumentsenter - kva er det?

Alver kommune har felles sentralt postmottak/dokumentsenter og arkiv for alle tenesteområde med unntak av NAV, legekontor og helsestasjon. 

Kva gjer vi?

Dokumentsenteret jobbar fortløpande med mottak, kontroll og bevaring av arkivverdig dokumentasjon  i Alver kommune, både det som kjem inn i papir og det som kjem inn via digitale kanalar. Vi har også ansvar for å publisere postliste, og bistå ved førespurnad om innsyn. 

Innsyn

Alver kommune har ikkje p.t fulltekstpublisering. Det vil sei at vi kun publiserer postliste med bestilling av innsyn.

Trykk her for postliste og innsyn

Kontaktinformasjon

Kundesenter tlf. 56 37 50 00
Epost: post@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 24.03.2020
Publisert: 21.01.2019