Brukarmedverknad

Alle råd og utval på skulane har rett til å uttale seg og kome med forslag i saker som gjeld skulen.

Kva ansvar har kommunen?
  • Vi skal orientere råd og utval om skulemiljøet og gjere utvala kjent med arbeid innanfor helse, miljø og tryggleik.
  • Vi skal ta råd og utval med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak ved skulen.
  • Vi skal varsle elevar og føresette dersom det oppstår forhold som har negativ innverknad på helsa til elevane.
Kva rolle har råda og utvala?
  • Ingen av råda eller utvala har avgjerdsmynde.
  • Råda og utvala skal vere ein arena for å utveksle meiningar og gi felles uttalar til skulane.

Kvar skule skal ha følgjande råd og utval:

  • samarbeidsutval
  • elevråd
  • skulemiljøutval
  • foreldreråd

Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om rolla til dei ulike råda og utvala.

Klage på manglande elevmedverknad

Barneombodet har laga eit skriv, som elevar kan bruke om dei ønskjer å gi skuleleiinga ei tilbakemelding på manglande elevmedverknad.

Klage på manglande elevmedverknad


Sist oppdatert: 21.08.2020
Publisert: 21.08.2020