HeimSkule og utdanningElevvelferdPsykolog for barn og unge

Psykolog for barn og unge

Om tilbodet

Psykologtenesta i Alver er eit lågterskeltilbod til personar med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringar som verkar inn på den psykisk helsa.

Vi krev ikkje tilvising frå lege, men i mange tilfelle er det nyttig med bakgrunnsinformasjon frå lege og/eller andre kommunale tenester for å kunne gje best mogleg hjelp.

Det er fire psykologar i tenesta, og dei har delt ansvaret for barn, unge, vaksne og eldre. I hovudsak tilbyr vi psykisk helsehjelp for milde til moderate psykiske lidingar, noko som inneber kartlegging, behandling og rådgjeving i ein kortare periode. Fokus å førebygge utvikling av meir alvorlig problematikk og vi har eit spesielt fokus på barn og unge. Psykologtenesta samarbeider og med helsestasjon og avdeling rus og psykisk helse, og tilbyr gruppetilbod.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

  • John Petter Wadseth
    Fagansvarleg kommunepsykolog
    Telefon: 945 11 854

Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 19.05.2020