HeimSkule og utdanningElevvelferdUngdomskontakten Salto

Ungdomskontakten Salto

Kontakt oss

Thomas Veland og Ingrid Bekkenes
Telefon: 406 48 380

Opningstider

  • Kvardagar frå klokka 13.30 til 15.30
  • Onsdagar er det langope til klokka 20.30.
  • Når Knarvik senter har nattope, er ungdomskontakten tilgjengeleg i senteret heile tida

Kva skjer på Salto?

Ungdomskontakten Salto er ein møtestad for ungdom mellom 13 og 20 år, lokalisert i Knarvik senter.
Her kan ungdomane spele playstation, brettspel, bruke pc, lese aviser, gjere lekser, slappe av og så vidare. Tiltaket er eit rus- og kriminalitetskonkurrerande tilbod.

Om tilbodet

Ungdomskontakten Salto er eit samarbeidstiltak mellom Knarvik senter og kommunane Modalen, Masfjorden, Alver og Fedje. Alver kommune har ansvar for den daglege drifta av tiltaket.
I den rådgjevande referansegruppa for ungdomskontakten finn ein representantar frå kommunane, Knarvik Vidaregåande skule, Knarvik senter, politi og kyrkja.

Kven møter du her?

Dei vaksne som arbeider her har høgskuleutdanning innan helse, sosiale  eller pedagogiske fag.

Personalet er ein viktig kontakt når ungdomane kjem innom Salto. Her kan dei slå av ein uformell prat med jamaldringar og med dei vaksne. Det er også ein viktig arena for å fange opp og møte ungdom som treng hjelp i livet sitt. Personalet har tett kontakt med skule og andre kommunale tenester.

I tillegg til å vere tilstades i opningstida til Salto, driv dei tilsette oppsøkjande arbeid i og omkring senteret. Dei tilsette samarbeider også med politiet og senterleiinga om tiltak som er positive for unge som ferdast i senteret.

Ungdomskontakten Salto har tilbod om ART-grupper (Aggression Replacement Training) til skulane i regionen. Les meir her.


Sist oppdatert: 25.10.2019
Publisert: 21.01.2019