50 timar samfunnskunnskap

Vil du søkje om permanent opphald eller norsk statsborgarskap? Då må du ha minst 250 timar norskkurs og 50 timar samfunnskunnskap.

I Alver tilbyr vi kurs i samfunnskunnskap på:

  • engelsk
  • thai
  • Vil du ha kurs på andre språk? Ta kontakt.

På kurset får du lære om:

  • å vere ny innvandrar i Norge
  • historie, geografi og korleis vi lever i Norge
  • barn og familie
  • helse
  • utdanning og kompetanse
  • arbeidsliv
  • demokrati og velferdssamfunn

Kva kostar det?

Kurset er gratis for deg som:

  • har fått ja til asylsøknad
  • er overføringsflyktning
  • har rett på opphald på humanitært grunnlag
  • har rett på opphald etter ja på søknad om familiegjenforeining
  • har rett på kollektiv beskytting

Dersom du ikkje har rett på gratis kurs kostar kurset 4 500 kroner.

Slik melder du deg på kurs

Trykk her for å gå til søknadsskjemaet vårt.

Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.

Slik melder du deg på prøve

Trykk her for å sjå korleis du skal melde deg på prøva i samfunnskunnskap.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019