Grunnskule for vaksne

Har du ikkje grunnskule frå Norge eller tilsvarande frå eit anna land? Då har du rett på grunnskuleopplæring. Med vitnemål frå grunnskulen, kan du søke om plass på ein vidaregåande skule.

Alle med innvandrarbakgrunn, må ha norsk personnummer og rett på opphald for å få tilbod om grunnskule for vaksne. Du må også ha folkeregistrert adresse i Alver kommune.

Fag på grunnskulen:

  • norsk
  • engelsk
  • matematikk
  • naturfag
  • samfunnsfag

Slik søkjer du

Du kan søke heile året.

Ønskjer du plass frå hausten, må du søke før 2. mai.

Alle som vil ta grunnskule for vaksne blir invitert til ein samtale om påmelding hos oss i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.

Til samtalen må du ta med:

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Dokumentasjon på tidlegare norskkurs
  • Har du nettopp flytta til Nordhordland, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.

Treng du spesialundervisning?

Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for vaksne på grunnskule.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 07.05.2020
Publisert: 21.01.2019