Kurs i grunnleggande ferdigheiter

Treng du grunnleggande opplæring i lesing og skriving, rekning eller digitale ferdigheiter?

Du har rett til å få denne opplæringa frå kommunen utan å ta heile fag. Målet med opplæringa er å hjelpe deg til vidare utdanning eller jobb.

På kurset får du opplæring i å:

  • lese og skrive
  • rekne
  • bruke data og internett
  • uttrykke deg munnleg

Slik søkjer du

Du kan søke heile året. 

Ønskjer du plass frå hausten, må du søke før 2. mai.

Alle som vil ta kurset i grunnleggande ferdigheiter blir invitert til ein samtale om påmelding hos oss i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.

Til samtalen må du ta med:

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Dokumentasjon på tidlegare norskkurs
  • Har du nettopp flytta til Nordhordland, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 07.05.2020
Publisert: 07.05.2020