Kurs i norsk og samfunnskunnskap

Våre norskkurs

  • A1
  • A2
  • B1, del 1
  • B1, del 2
  • B2
  • Kurs i alfabetisering

Trykk her for å finne informasjon på fleire språk

Kva kostar det?

Vi tilbyr norskkurs på alle nivå. Kursa er både for deg som har rett til gratis norskopplæring og deg som må betale kursa sjølv.

Kurset er gratis for deg som:

  • har fått ja til asylsøknad
  • er overføringsflyktning
  • har rett på opphald på humanitært grunnlag
  • har rett på opphald etter ja på søknad om familiegjenforeining
  • har rett på kollektiv beskytting

Bur du ikkje i Alver kommune? Då kan du likevel kjøpe kurs hos oss.

Kva kostar kursa våre?
NårKurstypePris
Haust: August til desember Kveldskurs 3060 kroner x 2
Haust: August til desember Kurs på dagtid 2550 kroner x 4
Vår: Januar til juni Kveldskurs 3700 kroner x 2
Vår: Januar til juni Kurs på dagtid 3000 kroner x 4

 *Dei kursa som berre går over ein kveld er halv pris av kursprisen over.

Slik melder du deg på kurs

Trykk her for å gå til søknadsskjemaet vårt.

Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.

Alle som vil ta norskkurs blir invitert til ein samtale om påmelding hos oss i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.

Til samtalen må du ta med:

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Dokumentasjon på tidlegare norskkurs
  • Har du nettopp flytta til Nordhordland, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.

Slik melder du deg på til norskprøve

Trykk her for å sjå korleis du skal melde deg på ei norskprøve.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019