Realkompetansevurdering

Ønskjer du å ta grunnskule for vaksne, men manglar dokumentasjon på opplæringa du har fått i heimlandet ditt?

Realkompetanse er summen av alt det du kan etter utdanning, jobbar du har hatt og aktivitetar du har vore med på. Med ei vurdering av realkompetansen din får du dokumentert kva du kan.

Slik går du fram

Ta kontakt med vaksenopplæringa i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.
Be om ei realkompetansevurdering.

Til den første samtalen må du ta med dokumentasjon på all utdanning og jobberfaring.

Kva kostar det?

Dette varierer, så det får du informasjon om i kontakt med Vaksenopplæringa.

Kva får du?

Etter ei kartlegging og vurdering av det du kan, får du eit kompetansebevis.

Vurderinga kan gi deg:

  • dokumentasjon på godkjent kompetanse i eitt eller fleire fag
  • avkorta eller tilpassa tilbod om grunnskule for vaksne

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019