HeimSkule og utdanningNorskkurs (Norwegian for foreigners)Samfunnskunnskapsprøvar/ statsborgarprøvar

Samfunnskunnskapsprøvar/ statsborgarprøvar

Har du gått på kurs og ønskjer å ta ei samfunnskunnskapsprøve? Då må du hugse å melde deg på.

Prøven varar i 60 minutt, og skal vere på eit språk som du forstår godt. Du får 38 spørsmål med tre svaralternativ, der berre eitt svar er riktig. Du må ha minst 29 riktige svar for å bestå prøven.

Resultatet på prøven er anten «bestått» eller «ikkje bestått». Vi sender prøvebeviset ditt i posten seinast to veker etter at du har tatt prøven.

Trykk her for å lese meir om 50-timars kurset vårt i samfunnskunnskap.

Trykk her om du ønskjer å søke statsborgarprøve eller  vil vite meir om denne.

Påmelding til prøven

Påmelding til prøve i samfunnskunnskap skjer på heimesida til Kompetanse Norge.

Trykk her for å gå til sida med meir informasjon og påmelding.

Kva kostar det?

800 kroner for prøven i samfunnskunnskap.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med oss på vaksenopplæringa.

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 07.05.2020
Publisert: 07.05.2020