HeimSkule og utdanningSøkje læreplass

Søkje læreplass

Om ordninga

Vi ønskjer å gi ungdommar og vaksne moglegheita til å fullføre ei fagutdanning. Vi er stolte over alle lærlingane våre, som tilfører oss ny kompetanse.

Alver kommune tek inn lærlingar i følgjande fag:

  • Helsefag/TAF-helse
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Institusjonskokkefaget
  • Feiarfaget
  • Reinhaldoperatørfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Kontorfaget
  • Målarfaget

Søkandsfrist for læreplass i Alver kommune er 1.mars 2020.

Slik søkjer du:

Søknaden kan du sende via VIGO, til Opplærlingskontoret i Nordhordland eller dirkete til Alver kommune på e-post: post@alver.kommue.no.

Trykk her for å kome til VIGO

Har du spørsmål om lærlingeordninga i Alver kommune, ta kontakt med:

Meir om lærefag

For Alver kommune er det eit samfunnsansvar å gje oppveksande generasjonar utdanning, men vel så viktig er kommunen sitt behov for eiga rekruttering. På sikt vil kommunen ha eit aukande behov til dømes innan helsefag, noko som gjer at vi har prioritert inntaket i dette faget.

Alver kommune er også godkjendt som lærebedrift innan TAF-helsefag. Tilbodet inneber at elevane oppnår både studiekompetanse og fagbrev i helsearbeiderfaget innan fire år. Dette er eit samarbeid mellom Knarvik Vidaregåande skule og Alver kommune. Dei to første åra som elevar og dei to siste som lærlingar.

Alver kommune har nyleg inngått samarbeidsavtale med Austrheim, Knarvik og Osterøy Vidaregåande skular. Hensikten er å styrke samarbeidet om å rekruttera til yrkesfageleg opplærling og å lette overgangen frå skule til læreplass for elevane.

Alver kommune er medlem i Opplæringskontoret for Nordhordland, som er bindeleddet vårt mellom Vestland Fylkeskommune som utarbeidar lærekontraktane.

Opplæringskontoret for Nordhordland bidreg også med oppfølging og kvailtessikring.

 


Sist oppdatert: 17.02.2020
Publisert: 06.02.2020