HeimSkule og utdanningPermisjon frå undervisninga

Permisjon frå undervisninga

Kor mange dagar kan du søkje om?

Du kan søkje om permisjon fra skulen i inntil to veker. Det er opp til skulen å vurdere om ein elev skal få innvilga permisjon. Skulen kan avslå søknaden dersom det ikkje er forsvarleg at eleven får fri, eller dersom det er søkt om fri på tidspunkt når skulen avviklar nasjonale kartleggingar eller eksamen.

Vi gjev ikkje permisjon i periodar med gjennomføring av:
  • obligatoriske statlege kartleggingsprøvar
  • nasjonale prøvar
  • munnleg og skriftleg eksamen
Permisjon elevar har krav på:

Er du medlem av eit trussamfunn utanfor den norske kyrkja, har du rett til å vere borte frå skulen når trussamfunnet ditt har heilagdag. Du må i så fall søkje om permisjon desse dagane.

Slik søkjer du

Søk om permisjon i god tid før de ønskjer permisjon, helst tre veker før.

Trykk her for å gå til søknadsskjema.

Klage

Ønskjer du å klage på vedtak om permisjon, må du klage innan tre veker etter at du har mottatt svar på søknaden. Klagen må du sende til skulen som har behandla søknaden. Fylkesmannen er klageinnstans. Les meir om permisjonsreglementet i opplæringsloven.


Sist oppdatert: 18.02.2020
Publisert: 14.06.2019