HjemVeg, vatn, avløp og bossBoss og gjenvinningHageavfall og svartelista planter

Hageavfall og svartelista planter

Kva kan eg gjere om eg finn svartelista artar i naturen?

Dersom du finn svartelista planter i naturen, som til dømes parkslirekne, bulkemispel eller kjempebjørnekjeks kan du melde frå på artsdatabanken.no

Trykk her for artsdatabanken

Kva gjer eg med hageavfall frå svartelista planter?

Framande artar frå hageavfallet ditt må du putte i pose/sekk og levera som restavfall. Vanleg hageavfall leverer du hjå NGIR. 

Kvifor må du separere framande artar/svartelista planter frå hageavfallet ditt?

Ved å levera svartelista artar i posar/sekkar kan du hindre at plantar frå hagen din truar det biologiske mangfaldet. Det betyr at desse artane trivst så godt at dei utkonkurrerar andre artar som vi ynskjer å ta vare på. Svartelista artar må avgrensast og det mest effektive tiltaket for å hindre spreiinga av svartelista planter er å sikre at dei vert levert til godkjent mottak.

NGIR leverer dei framande plantene til forbrenning, saman med restavfallet.

Usikker på korleis dei ulike framande artane ser ut?

Trykk her for meir informasjon og kjenneteikn på plantene.

Trykk her for hageselskapet - hagerømlinger

Du kan og bruka Sotere.no og søkje etter ein bestemt type avfall.

Meir informasjon

Trykk her for hageselskapet - hagerømlinger

Miljødirektoratet - framande artar

Trykk her for artsdatabanken

Lovdata - naturmangfaldlova

Klima og miljødepartementet - tiltaksplan 2020 - 2025


Sist oppdatert: 03.11.2022
Publisert: 05.01.2021