Prisar og berekningar
Kva kostar det?
Gebyrforskrifta for vatn og avløp i Alver kommune er endra slik at du må betale gebyr per bueining som bustaden din er registrert med.
Trykk her for å sjå gjeldande gebyr- og betalingssatsar
Trykk her for å sjå forskrift om vass- og avløpsgebyr i Alver kommune
Slik reknar vi ut kva du må betale
Rekninga du får på vatn og avløp frå kommune heng saman med arealet på huset eller leilegheita di.
- Bustadar under 90 kvadratmeter betalar for:
- Vatn: Kroner 4249,- (1190 fast+ 3059 stipulert)
- Avløp: Kroner 3428,- (840 fast + 2588 stipulert)
- Bustadar over 90 kvadratmeter betalar for:
- Vatn: Kroner 7308,- (1190 fast + 6118 stipulert)
- Avløp: Kroner 6016,- (840 fast + 5176 stipulert)
Dette gjeld for alle husvære.
Satsen per kubikk er 30,59 kroner for vatn og 25,88 kroner for avløp. Alle summane er inkl. mva.
Sjekk status for din eigedom
I matrikkelen har bustad med ei bueining kode 111. Ein bustad med to bueiningar har kode 112. Det er denne statusen som er avgjerande om du får avgift for ein eller to bueiningar.
Status for bustaden er satt ut i frå byggeløyvet som er gjeve på bustaden din. Fastsetting av status for bustaden er gjort på bakgrunn av den konkrete utforminga av bygningen når det vart godkjent, og ikkje ut i frå korleis bruken er til ein kvar tid, eller kor vidt bueining blir leid ut eller brukt av deg som eigar.
Du kan sjølv sjekke korleis bygningen din er registrert og kva opplysningar som ligg i matrikkelen her.
Trykk her for å sjekke status for bygningen din.
Nokre gonger er bustader registrert feil i matrikkelen, og ikkje har rett kode ut i frå korleis bustaden vart godkjent oppført. Då kan du sende inn ein søknad om endring av matrikkelopplysningar.
Trykk her for å lese meir om endring av matrikkelopplysningar.
Hovudregelen er at du må søke om og få løyve til endra bruk etter plan- og bygningslova før opplysningane i matrikkelen blir endra.
Dersom du til dømes vil endre status frå ein einebustad med hybel/sokkelleilegheit til einebustad med ei bueining, må du søke om bruksendring av bustaden din. Avdeling for plan og byggesak kan gi informasjon og rettleiing om søknad. Dersom du på eit seinare tidspunkt vil endre tilbake til to bueiningar, må du søke om dette og alle bygningstekniske krav etter byggteknisk forskrift vil gjelde.
Trykk her for å lese meir om bruksendring.
Treng du opplysningar og teikningar på bustaden din, kan be om innsyn hos oss og få dei tilsendt.
Trykk her for å lese meir om innsyn.
Er bygningen din ført opp før 2013, kan du sende e-post til post@alver.kommune.no og be om innsyn. Du må vise til kva eigedom innsynet gjeldt, og kva type dokument du vil ha tilsendt.