Vassforsyning

Vassverka våre

Hovudmålet til vatn og avløpsavdelinga i Alver kommune, er å sikre at innbyggjarane får nok reint vatn, og at vi har nok vatn til å sløkkje eventuelle brannar.
Om lag 78. prosent av innbyggjarane i kommunen får drikkevatn frå eitt av dei fem kommunale vassverka våre.
Sjauset, Husebø og Skurtveit er reservevassverkog forsyner normalt ikkje abonnentar. 

  • Storavatn vassverk er hovudvassverk og leverer vatn til abonnentar i dei folkerike delane av kommunen: Knarvik, Alversund, Hundvin, Lindås, Leknes, Fyllingsnes, Eikanger, Eknes, Ostereidet, Kløve, Tveitegrend, Vangen, Jordal, Myking. Vassverket leverer også til dei store industriområda på Mongstad og Mongstad Sør. I tillegg forsyner Storavatn vassverk store deler av Austrheim kommune og mange installasjonar i Nordsjøen.
  • Hestdal vassverk. Forsyner heile Holsnøy og Flatøy (abonnenter tilknytt offentleg vassverk).
  • Kolåseidet Vassverk. Forsyner heile området som før var Radøy kommune
  • Litlås Vassverk forsyner Risa og Hope. Er også ei tilleggsforsyning for Mongstad-området og Austrheim. Dette området blir forsynt både frå Storavatn vassverk og Litlås vassverk.
  • Vike vassverk forsyner Vike og Vikanes.
  • Sjauset er reservevassverk til Storavatn og kan forsyne Storavatn sitt område i ein akutt situasjon.
  • Husebø reservevassverk. Dette vassverket forsyner området Landsvik Skjellanger dersom Hestdal vassverk ikkje kan levere. 
  • Skurtveit reservevassverk leverer frå Skurtveit Rossland området til og med Holme.

Det er ikkje lov å forureine vasskjeldene (og tilsigsområda) som vert nytta til drikkevatn. Det er difor viktig at publikum følgjer retningslinene til kommunen. Les og følg det som står på informasjonstavlene ved vatna!

Kokevarsel

Oppstår det uønska hendingar, som førar til ureining av drikkevatnet ditt, vil Alver kommune sende kokevarsel på tekstmelding til mobilen din eller lese inn ei talemelding til fasttelefonen din.

Vi sender berre kokevarsel når vi ikkje er heilt trygge på vasskvaliteten, og ønskjer å verne deg og dei andre abonnentane mot ei eventuell smittefare.

Grunnar til at vatnet kan vere hygienisk utrygt i ein periode, kan til dømes skuldast brot på ei vassleidning eller svikt i vasshandsaminga ved vassverket.

Lurar du på korleis du skal handtere eit kokevarsel?

Trykk her for å laste ned gode råd frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Vi må ha to «gode» prøvar på rad, før vi kan oppheve eit kokepåbod.

Vaskemaskin og oppvaskmaskin

Kjem det eit gråkvitt belegg på glasa du vaskar i oppvaskmaskina di? Synes du det skummar lite i vaskemaskina? Då kan det hende du har det fagfolka kallar for «hardt vatn».

Les manualen til vaskemaskina eller oppvaskmaskina di, for å sjå kva tiltak du eventuelt skal gjere. Normalt er rådet å tilsetje salt.

I Alver kommune har følgjande vasskjelder middels hardt vatn:

  • Vike

Vatnet frå Storavatn, Sjauset, Hestdal, Skurtveit, Husebø, Kolåseidet og Litlås vssverk er ikkje hardt, og krev ikkje ekstra tiltak.

Ønskjer du å lese meir om hardt vatn og drikkevatn – trykk her.

Vasskvalitet

Drikkevatnet vert handsama for å oppfylle krava i Drikkevassforskrifta frå 2017. Det er ulik behandling av vatnet ved dei ulike vassverka, og dette vert bestemt ut frå kvaliteten på råvatnet (vasskjelda) og kva som er godkjend av Mattilsynet.

Storavat, Sjauset, Litlås, Hestdal, Skurtveit, Husebø og Kolåseidet vassverk har overflatevatn som kjelder. Vike har blanding av overflatevatn og grunnvatn.

Kvaliteten ved dei ulike vassverka er normalt god. Vasskvaliteten vert nøye overvåka, både med eigne driftsprøvar og vassprøver, som vert analysert av eit eksternt laboratorium. Kor ofte prøvane vert tekne og kva analysar som vert utført, vert regulert av Drikkevassforskrifta og godkjent av Mattilsynet.

Får du vatn frå ei brønn, og lurar på om vatnet er reint og trygt?

Folkehelseinstituttet har laga ei brosjyre om "Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta". Trykk her for å laste ned brosjyra.

Vassmålar

I Alver kommune må næringseigedomar innstallere vassmålar. Eig du ein privat bustad, kan du velje sjølv.

Informasjon til deg som driv næring:

  • Du må sjølv lese av og melde inn vassforbruket til kommunen i desember kvart år. Storleiken på gebyret bedrifta di får, heng saman med kor mykje vatn de har brukt.
  • Du må sjølv dekke kostnadar til installasjon av vassmålaren. Arbeidet må stette krava i KS Administrative/tekniske bestemmelser
  • Du kan berre bruke Alver kommune sine vassmålarar. Desse må du leige av vatn- og avløpsavdelinga i Alver kommune. Når målaren ikkje lenger er i bruk, må du levere han tilbake til kommunen.
  • Alle godkjente føretak kan hente vassmålarar på driftsstasjonen til teknisk drift. Adressa hit er Stølen 7, 5911 Isdalstø. Når du hentar vassmålar, ta med: Namn på eigar, gards- og bruksnummer, kva namn og adresse fakturaen og avlesningskortet skal sendast til.

Informasjon til deg som eig privat bustad:

  • Dei fleste bustadeigarar i Alver kommune vel å ikkje ha eigen vassmålar.

Sist oppdatert: 25.03.2020
Publisert: 21.01.2019