HeimVeg, vatn, avløp og bossVegBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

Alver kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale vegar medan Statens vegvesen har ansvar for brøyting og strøing av fylkes-, riks- og europavegar.

Trykk her for å finne ut kva vegar som er kommunale.

Slik kan du melde ifrå

Slik jobbar vi

Vintersesongen i Alver kommune er perioden frå 15. oktober til 15. april.

Kommunen er delt inn i 30 ulike brøyteroder. Dei fleste er tildelt eksterne kontraktørar, men kommunen handterer nokre av rodene med eige mannskap.

Om vinteren må du som går og køyrer rekne med dårlegare veg- og føretilhøve. Målet for det kommunale vegnettet er at vegane i størst mogleg grad skal vere framkommelege for:

  • gåande som er skodde for vinterføre
  • normalt vinterutstyrte personbilar

Det er du som førar/eigar av bilen som har ansvar for at bilen er forsvarleg skodd for vinterføre der du ferdast!

Alver kommune har utarbeida ein vinterdriftsstrategi som entreprenørane skal nytte. I strategien er vegane klassifisert som fylgjer:

Dei fleste vegane i Alver er klasse C- vegar.

Om du trykkjer på vinterdriftsklassen kjem du til eit kart over kva vegar som høyrer til kva vinterdriftsklasse. Du kan lese meir om vinterstrategien og kva standard du kan forvente i vedlagt strategidokument.

Når vert det brøyta i Alver?

Vinterdriftsklasse A og B skal vere gjennombrøyta til klokka 06:00. Med gjennombrøyta meiner ein at vegen skal minst ha eit køyrefelt gjennombrøyta før ein startar med fortau og anna areal. Klasse C vegar vert gjennombrøyta fortløpande etter dette.

Laurdag skal det vere gjennombrøyta til klokka 07:00 og på søndag og heilagdagar til klokka 09:00.

I tida mellom klokka 22:00 og klokka 06:00 må trafikantane akseptere vanskelegare køyretilhøve enn om dagen. Ved særleg store snømengder kan det førekome at vegar ikkje er å sjå på som framkomelege i denne tidsperioden.

Alle traktorar som skal nyttast i vinterdrifta til Alver kommune er utstyrt med GPS. Det vil seie at kommunen heile tida har oversyn med kvar det blir brøytt/strødd, og kva tid det vart brøytt/strødd.

Brøytestandard
Vinterdriftsklasse  Utløysande standard  
 A Maks 4 centimeter tørr snø eller 2 centimeter våt Brøyting skal vere utført
 B Maks 7 centimeter tørr snø eller 3 centimeter våt Brøyting skal vere utført
C

Maks 9 centimeter tørr snø eller 5 centimeter våt

Brøyting skal vere utført

 

Strøstandard
Vinterdriftsklasse  Utløysande standard  
A Det vert strødd med salt når det er fare for at det kan danna seg is på desse vegane eller så snart det let seg gjere når is allereie har lagt seg.  
B Vegane vert strødd når det er fare for at det kan danna seg is eller så snart det let seg gjere når is allereie har lagt seg. Det vert hovudsakleg nytta saltblanda singel.  
C Det vert hovudsakleg strødd med saltblanda singel der isen allereie har lagt seg.  
Gang/sykkelvegar Det vert hovudsakleg strødd med saltblanda singel.  

Alver kommune ber deg særskilt om å vere merksam på desse punkta:

  • Det er viktig å tenkje på at brannbilar, sjukebilar og renovasjonsbilar skal kunna koma fram utan problem. Du som grunn- og bileigar må ta omsyn og rydde sideareala i vegen for bilar og anna utstyr for at brøytemannskapa skal kunne gjere jobben sin.
  • Bosspann må takast inn snarast mogleg etter tømming slik at dei ikkje er til hinder for brøyting og strøing.
  • Det er ditt ansvar å rydde vekk snø som blir liggande att i avkøyringa di når vegen er gjennombrøyta.
  • Brøyting tar lengre tid i sterkt og vedvarande snøvêr.
  • Alver er ein kommune med store varierande vêr- og føretilhøve. Vegane ligg spreidde over eit stort geografisk område, med varierande utfordringar knytte til vinterdrifta. Samstundes som det er full vinter ein stad, kan det vere fleire plussgrader ein annan.
  • Vi brukar lite salt og i hovudsak strøsand på det kommunale vegnettet, men fylkes- og riksvegane blir salta. Ver merksam på at salt ikkje smeltar isen når det er kaldt vêr (kaldare enn −5 grader).
  • I sterk vind kan strøsanden blåse av vegen.
  • Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar. Når desse prognosane slår feil ut, kan det ta lengre tid før arbeidet kjem i gang.

Alle vinterkontraktørane til Alver kommune utstyrte med GPS.

Det vil seie at kommunen heile tida har oversyn med kvar det blir brøytt/strødd, og kor tid det har blitt brøytt/strødd.

Viktig melding til alle

Det er vinter i Noreg! Det fører til at vegane kan vere glatte, og du må alltid køyre etter forholda!

Trykk her for å lese meir om dekk og kjettingar på sidene til Statens vegvesen.


Sist oppdatert: 28.05.2020
Publisert: 21.01.2019