HjemVeg, vatn, avløp og bossVegByggjegrense til offentleg veg

Byggjegrense til offentleg veg

Byggjegrensa

Denne artikkelen handlar om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.

Trykk her for rettleiing om byggjegrense til riks- eller fylkesveg. 

Kva kan du søkje om?

I kommunen behandlar vi søknadar om:

  • dispensasjon byggjegrensa på 15 meter
  • dispensasjon frå byggegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringer)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

Vi kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Kven skal behandle søknaden din?

Ønskjer du å byggje noko innanfor 15-metersgrensa, må du søkje om dispensasjon frå byggjegrense mot veg.

Kva du søkjer om, avgjer kva avdeling i kommunen du skal rette søknaden din til:

  • i område utan reguleringsplan blir søknad behandla av vegavdelinga
  • i regulerte område blir søknaden behandla av byggjesaksavdelinga
  • ønskjer du å plassere noko nærare enn fire meter frå det offentlege leidningsnettet, må du søkje vass- og avløpsavdelinga i kommunen om dispensasjon frå kravet til avstand

Når du fyller ut søknadsskjema må du krysse av for om du skal byggje i eit regulert eller uregulert område. Fører søknaden din til etablering, endring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring, må du i tillegg søkje om løyve til dette.

Trykk her for å lese meir om avkøyring frå kommunal veg.

Slik søkjer du
  1. Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot  byggjegrense
  2. Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal byggje eller endre
  3. Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal byggje eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Lindås kommune.

Søknaden sender du på e-post til post@alver.kommune.no

Du kan også sende søknaden med posten til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
Treng du hjelp?

Treng du hjelp til å finne dei rette karta? Ta kontakt med innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00 eller på e-post post@alver.kommune.no.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Alver kommune har innbyggjarservice i Knarvik senter og på kommunehusa på Manger og Frekhaug.

Innbyggjarservice har telefon 56 37 50 00.

Du kan sende e-post til:

E-postadressene er til generelle spørsmål. Vi svarar deg så raskt vi kan.

Treng du hjelp til ei byggjesak? 

Byggesak har rettleiing på telefon. Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale. Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. Sjå informasjon om det her.

  • Opningstid:
    • Måndag og onsdag
    • Klokka 09.00-15.00, med unntak av klokka 11.30-12.00
    • Telefon: 56 37 50 00

Sist oppdatert: 03.11.2022
Publisert: 10.10.2018