HeimVeg, vatn, avløp og bossVegReklameskilt langs veg

Reklameskilt langs veg

Oppsetting av reklame langs veg er søknadspliktig i medhald av veglovens § 33, kor det i første ledd, første setning står at "Reklameskilt eller liknande innretning må ikkje utan løyve plasserast ved offentleg veg eller plasserast slik at dei er retta mot vegtrafikken eller er synleg for dei vegfarande". I tillegg er det i medhald av veglovens § 57 forbode å sette opp reklame på vegen sitt eigedomsområde utan tillating frå vegmynde.

Forbodet gjeld mellom anna følgjande stader: Vegbane, vegskråningar, grøfter, fortau, gang-/sykkelvegar, rabattar, rasteplassar, gangbruer, skiltutstyr og ulike veginstallasjonar. Reklame eller annan innretning som er plassert på vegen sitt eigedomsområde og på vegutstyr, kan fjernast av kommunen utan varsel.

Reklame og trafikkfare

Reklame langs vegen er trafikkfarleg dersom denne hindrar naudsynt sikt, for eksempel i kryss eller ved gangfelt. Reklame kan og skape trafikkfarlege situasjonar om denne tar merksemd bort frå vegen og trafikken (fare for distraksjon). På fortau og gangvegar kan reklame være til hinder for fri ferdsle, særleg for syns- og rørslehemja.

Kva er reklame?

Alle ytringar som har til hensikt å fremje særskilde kommersielle, politiske eller ideelle interesser, eller kunngjere private meiningar eller hendingar, blir rekna som reklame etter vegloven. Reklame omfattar meir enn skilt og plakatar, for eksempel vimplar, flagg, banner, ballongar, figurar, installasjonar, symbol og lys. Det gjeld og reklame på køyretøy som ikkje er i drift, når dette køyretøyet er plassert godt synleg frå vegen.


Sist oppdatert: 07.05.2020
Publisert: 22.11.2019