HeimKoronaKultur og idrett

Kultur og idrett

04.01, 2020 kom regjeringa med nye nasjonale tiltak for å redusere spreiing av koronaviruset. 

Trykk her for å sjå dei nasjonale tiltaka på regjeringen.no

Arrangement 

Maksimalt fem personar på private arrangement utanfor eige heim, som til dømes ein bursdag i lokale som er leigd.
Det kan maksimalt vere ti personar på offentlege arrangement innandørs. Men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.

Uteliv

Forbode å skjenke alkohol, men serveringsstader kan halde ope.

Trykk her for informasjonsmateriell til fri bruk for serverings- og skjenkestader

Utleige av kommunale bygg

Trykk her for å lese meir om utleige av idrettsanlegg, kommunale bygg og eigedomar

Idrett og fritidsaktivitetar

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar, men ikkje gravferder.

Utandørsaktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde minst ein meter til andre.

Toppidretten har eit særskild unntak, og vert ikkje omfatta av anbefalingane.

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.

 




Sist oppdatert: 04.01.2021
Publisert: 06.11.2020