Koronatest og koronatelefonen
- Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime til du er symptomfri.
- Mens du er heime må du vere nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden.
Kva tid bør du halde deg heime?
Har barnet fått vondt i halsen, og du lurer på om barnet burde vere heime frå barnehage/skule? Her finn du ei oversikt over kva tid barnet bør vere heime.
På Folkehelseinstituttet sine sider finn du meir informasjon om barn og smitte.
Folkehelseinstituttet har også laga ei god oversikt over kva tid ungdom og vaksne bør vere heime frå skule/arbeid.
Synes du det er vanskeleg å vite om du bør teste deg for korona? Då kan tenesta til Helsenorge "Koronasjekk" vere nyttig.
Trykk her for å prøve Koronasjekk.
Desse personane testar vi
Slik går du fram for å teste deg i Alver
Vi har no fått på plass elektronisk skjema for kontakt med koronasenteret. Logg inn med BankId.
Trykk her for å kome til skjemaet.
Merk: Ikkje ring til koronatelefonen når du har sendt inn skjemaet. Vi sender tekstmelding til deg så snart vi har vurdert om du treng ein test eller ikkje.
Om du ikkje har høve til å nytte dette skjemaet, kan du ringe koronatelefonen for Alver på telefon: 56 37 59 00.
Koronatelefonen er normalt open:
- Kvardagar klokka 08.30-11:30 og 12.15-15.00.
- Laurdagar og søndagar klokka 10.00-13.30.
I jula har vi følgjande opningstider:
Julaftan 8.30-12.00
1. juledag 10.00-13.30
26.-27. desember 10.00-12.00
28.-30. desember 08.30-15.00
Nyttårsaftan 08.30-12.00
1.nyttårsdag 10.00-13.30
2.-3. januar 10.00-13.30
Har du symptom på luftvegsinfeksjon og treng legehjelp? Ring først og avtal time med fastlege eller legevakt.
Slik testar vi
Alle som kjem inn til testsenteret må ha avtalt time. Sjølve prøvetakinga er fort gjort. Du køyrer heilt fram til døra, og ein sjukepleiar tar i mot deg. Medan du sit i bilen får du vidare instruksar. Koronatesten er ein pinne med ein bomullsdott i enden. Denne skal førast inn i svelg/nase.
Prøven blir sendt til Haukeland Universitetssjukehus for analyse. Det tar nokre dagar å analysere prøven.
Informasjonsskriv til alle som blir testa
Logg deg inn på Helsenorge og finn prøvesvaret
Ikkje ring koronatelefonen om du berre ventar på prøvesvar!
Lurer du på når prøvesvaret ditt er tilgjengeleg på nettsida til helsenorge.no? Frå måndag 14. desember kan du få varsel på sms når prøvesvaret er klart. Les meir om sms-varsel på Folkehelseinstituttet si nettside.
Ved positivt prøvesvar ringer vi og til deg.
Det tar tid å få svar på prøvane, fordi det er mange som blir testa.
Vi ber om at du er tolmodig!
Er du i, eller lurar du på om du bør vere i karantene?
Sjå råda frå Folkehelseinstituttet for heimekarantene
Sjå oppdaterte område med spreiing av koronavirus (Folkehelseinstituttet)
Har du spørsmål om koronaviruset?
Meir informasjon om koronaviruset finn du her.
Hald deg oppdatert
Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.
Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.