HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

Alle som er født i 1956 eller tidlegare kan no registrere seg for koronavaksinasjon.

Registrer deg for koronavaksine

Her kan du registrere deg for koronavaksine.

  • Trykk på knappen over og logg inn med din Bank-ID.
  • Vel om du ønskjer å registrere deg sjølv eller på vegner av andre.
  • Svar på enkle spørsmål om alder, yrke og helse.
  • Du får stadfesting på tekstmelding om at du er registrert.
  • Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast.
  • Etter kvart som vaksinane kjem inn, vil du får ei tekstmelding med link til timebestilling.
  • Det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Treng du hjelp til å registrere deg? Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00, så set dei deg i kontakt med nokon som kan hjelpe.

Prioritert rekkjefølgje

Det er Folkehelseinstituttet som bestemmer kva rekkefølgje vi skal vaksinere innbyggjarane våre. Rekkefølgja kan endre seg.

Trykk her for oppdatert informasjon om kven som får vaksinen først.

Vi tar kontakt med deg når det er din tur til å få vaksinen

Det er Folkehelseinstituttet som bestemmer kva rekkefølgje vi skal vaksinere innbyggjarane våre. Rekkefølgja kan endre seg.

I starten vil vi ikkje ha nok vaksinar til alle som blir anbefalt å ta vaksinen. Mange av oss må vere tålmodige før det blir vår tur til å få vaksine. 

Tilfanget på vaksinedosar endrar seg frå veke til veke. Vi ynskjer at du skal registrere deg i registreringsskjema over når det er tid for di aldersgruppe å få vaksine.

Vi opplyser om når det blir din tur.

Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen din for å setje deg på venteliste.

Oppmøteplass og parkering

Vaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik. Nordhordlandshallen har adresse Juvikstølen 25.

Følg skilta det står «vaksine» på langs vegen og parkeringsskilt og -vaktar i området. 

Vegen opp til Nordhordlandshallen på austsida av Knarvik Senter er stengt på grunn av vegarbeid. Kjem du med bil, må du heller køyre inn på baksida av hallen via vegen til Knarvik vidaregåande skule eller Knarvik barneskule.

Vi har opna for parkering framfor hallen, slik at det ikkje blir så langt å gå. Det går også an å køyre rundt hallen og sleppe folk av framfor inngangsdøra.

Transport til vaksinasjonshallen

Helsedirektoratet har bestemt at reise til og frå vaksinasjonshallen ikkje blir dekt gjennom pasientreise-ordninga.

Dette betyr at du må sørge for transporten sjølv. Dersom du ikkje køyrer bil eller kan ta buss, spør om hjelp frå familien eller nokon du kjenner. Har du TT-kort, kan du bruke dette.

Har du ingen andre moglegheiter, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00, så skal vi hjelpe deg.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen?


Hald deg heime og meld ifrå til innbyggjarservice på 56 37 50 00 om du ikkje kjem, så finner vi eit nytt tidspunkt som passar.

Trykk her for informasjon om kva du skal gjere dersom du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus

Trykk her for sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine

Ikkje meldt flytting?

Kommunen har ansvar for å vaksinere dei som bur i Alver.

Vi har ikkje namn og kontaktinformasjon til dei som ikkje har meldt flytting til kommunen.

Dersom du bur her og ikkje har rekt å melde flytting, må du ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00..

Kva kostar det?

Vaksinen er gratis.

Kor lenge må eg vente før det er min tur?

Fordi vi enno ikkje veit når og kor mange vaksiner vi får framover, kan vi dessverre ikke sei nøyaktig når vi kan vaksinere dei ulike gruppene.

FHI har laga ei oversikt over når dei forventar å kunne vaksinere ulike grupper mot korona.

Trykk her for FHI sitt førebelse vaksineringsscenario

Her kan du lese meir om koronavaksina
Informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Kan eg få bevis på at eg har tatt vaksina?

Trykk her for å kome til helsenorge.no der du kan logge deg inn og skrive ut ditt vaksinasjonskort

Følg med i våre kommunikasjonskanalar

Vi held fram med å informere om koronavaksina i ulike kanalar som personleg kontakt, brev, SMS, presse og trykte medier. 

Følg kommunen på Facebook

Slik sikrar du at du får varsel på SMS

Kommunen nyttar telefonvarsling til innbyggjarane når vi ynskjer å nå ut med informasjon raskt. Du kan sjølv oppdatere kontaktdata i løysinga vi nyttar. og sjekke at du står oppført med riktige opplysningar:

  • Sjekk oppføringa di på http://www.servicevarsling.no/
  • Her kan du både endre nummer og leggje til eller endre adresse på namnet ditt.
  • Du må ha mobilen din framfor deg når du gjer endringar. For å få tilgang til opplysningane knytt til namnet ditt, må du først skrive inn ein pin-kode som du får tilsendt på mobilen.

 


Sist oppdatert: 04.03.2021
Publisert: 16.12.2020