Koronavaksine
Alle som er født i 1956 eller tidlegare kan no registrere seg for koronavaksinasjon.
- Er du over 75 år og har fått brev med informasjon om koronavaksinen? Registrer deg om du ikkje allereie har fått time til vaksinasjon.
- Er du mellom 18 og 64 og har ein sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp? Du skal ikkje registrere deg enno, men vente på nærare beskjed.
Registrer deg for koronavaksine
Her kan du registrere deg for koronavaksine.
- Trykk på knappen over og logg inn med din Bank-ID.
- Vel om du ønskjer å registrere deg sjølv eller på vegner av andre.
- Svar på enkle spørsmål om alder, yrke og helse.
- Du får stadfesting på tekstmelding om at du er registrert.
- Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast.
- Etter kvart som vaksinane kjem inn, vil du får ei tekstmelding med link til timebestilling.
- Det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.
Treng du hjelp til å registrere deg? Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00, så set dei deg i kontakt med nokon som kan hjelpe.
Prioritert rekkjefølgje
Det er Folkehelseinstituttet som bestemmer kva rekkefølgje vi skal vaksinere innbyggjarane våre. Rekkefølgja kan endre seg.
Trykk her for oppdatert informasjon om kven som får vaksinen først.
Vi tar kontakt med deg når det er din tur til å få vaksinen
Det er Folkehelseinstituttet som bestemmer kva rekkefølgje vi skal vaksinere innbyggjarane våre. Rekkefølgja kan endre seg.
I starten vil vi ikkje ha nok vaksinar til alle som blir anbefalt å ta vaksinen. Mange av oss må vere tålmodige før det blir vår tur til å få vaksine.
Tilfanget på vaksinedosar endrar seg frå veke til veke. Vi ynskjer at du skal registrere deg i registreringsskjema over når det er tid for di aldersgruppe å få vaksine.
Vi opplyser om når det blir din tur.
Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen din for å setje deg på venteliste.
Oppmøteplass og parkering
Vaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik. Nordhordlandshallen har adresse Juvikstølen 25.
Følg skilta det står «vaksine» på langs vegen og parkeringsskilt og -vaktar i området.
Vegen opp til Nordhordlandshallen på austsida av Knarvik Senter er stengt på grunn av vegarbeid. Kjem du med bil, må du heller køyre inn på baksida av hallen via vegen til Knarvik vidaregåande skule eller Knarvik barneskule.
Vi har opna for parkering framfor hallen, slik at det ikkje blir så langt å gå. Det går også an å køyre rundt hallen og sleppe folk av framfor inngangsdøra.
Transport til vaksinasjonshallen
Helsedirektoratet har bestemt at reise til og frå vaksinasjonshallen ikkje blir dekt gjennom pasientreise-ordninga.
Dette betyr at du må sørge for transporten sjølv. Dersom du ikkje køyrer bil eller kan ta buss, spør om hjelp frå familien eller nokon du kjenner. Har du TT-kort, kan du bruke dette.
Har du ingen andre moglegheiter, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00, så skal vi hjelpe deg.
Er du sjuk på vaksinasjonsdagen?
Hald deg heime og meld ifrå til innbyggjarservice på 56 37 50 00 om du ikkje kjem, så finner vi eit nytt tidspunkt som passar.
Trykk her for sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine
Ikkje meldt flytting?
Kommunen har ansvar for å vaksinere dei som bur i Alver.
Vi har ikkje namn og kontaktinformasjon til dei som ikkje har meldt flytting til kommunen.
Dersom du bur her og ikkje har rekt å melde flytting, må du ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00..
Kva kostar det?
Vaksinen er gratis.
Kor lenge må eg vente før det er min tur?
Fordi vi enno ikkje veit når og kor mange vaksiner vi får framover, kan vi dessverre ikke sei nøyaktig når vi kan vaksinere dei ulike gruppene.
FHI har laga ei oversikt over når dei forventar å kunne vaksinere ulike grupper mot korona.
Trykk her for FHI sitt førebelse vaksineringsscenario
Her kan du lese meir om koronavaksina
- Sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine
- Spørsmål- og svarsida til Helsenorge
- Temasida om koronavaksinasjonsprogrammet til Folkehelseinstituttet
- Informasjonsfilm om koronavaksinasjon
- Temaside om koronavaksinasjonsprogrammet frå FHI
Informasjon om koronavaksine på tegnspråk
Trykk her for informasjon om koronavaksine på tegnspråk
Kan eg få bevis på at eg har tatt vaksina?
Trykk her for å kome til helsenorge.no der du kan logge deg inn og skrive ut ditt vaksinasjonskort
Følg med i våre kommunikasjonskanalar
Vi held fram med å informere om koronavaksina i ulike kanalar som personleg kontakt, brev, SMS, presse og trykte medier.
Slik sikrar du at du får varsel på SMS
Kommunen nyttar telefonvarsling til innbyggjarane når vi ynskjer å nå ut med informasjon raskt. Du kan sjølv oppdatere kontaktdata i løysinga vi nyttar. og sjekke at du står oppført med riktige opplysningar:
- Sjekk oppføringa di på http://www.servicevarsling.no/
- Her kan du både endre nummer og leggje til eller endre adresse på namnet ditt.
- Du må ha mobilen din framfor deg når du gjer endringar. For å få tilgang til opplysningane knytt til namnet ditt, må du først skrive inn ein pin-kode som du får tilsendt på mobilen.