HeimKoronaNye koronatiltak for innbyggjarar i Alver

Nye koronatiltak for innbyggjarar i Alver

Alver kommune følgjer tiltaka og anbefalinga regjeringa har innført, gjeldande frå 4. januar til 18. januar.

Trykk her for å sjå dei nasjonale tiltaka på regjeringen.no

Sosial kontakt

Ikkje ha besøk heime. Vent 14 dagar før du har besøk eller besøker andre. Dette gjeld ikkje dei som har nære i livets siste fase. Dei som bur åleine kan ha besøk av ein til to faste personar dei neste 14 dagane. Alternativt kan dei som bur åleine ha ein fast familie som dei besøker. Barn kan også ha besøk av barn frå same kohort i barnehage og skule.

Arrangement

Maksimalt fem personar på private arrangement utanfor eige heim, som til dømes ein bursdag i lokale som er leigd.
Det kan maksimalt vere ti personar på offentlege arrangement innandørs. Men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.

Reiser

Unngå reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Men du kan dra på hytta med folk du bur saman med.

Skule og utdanning

All undervising og planlagde arrangement på universitet, høgskular og fagskular vert gjort digitale fram til 18. januar. Folkehøgskular og bibelskular skal følge råd frå lokale helsestyresmakter.
Alle landets vidaregåande skular og ungdomsskular skal gå over til raudt nivå.

Uteliv

Forbode å skjenke alkohol, men serveringsstader kan halde ope.

Trykk her for informasjonsmateriell til fri bruk for serverings- og skjenkestader

Idrett og fritidsaktivitetar

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar, men ikkje gravferder.

Utandørsaktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde minst ein meter til andre.

Toppidretten har eit særskild unntak, og vert ikkje omfatta av anbefalingane.

Kjøpesenter og butikkar

Kjøpesenter og butikkar bør ha åtgangskontroll og avgrensingar på kor mange personar som kan kome inn i lokalet. Dette er for at det skal vere mogleg å halde avstand.

Karantene og reiser

Arbeidsreisande som i dei siste 10 døgna før dei kjem til Noreg har opphalde seg i område med særleg høgt smittenivå, kan ikkje lenger nytte seg av ordninga med testing kvar tredje dag. Hovudregelen om innreisekarantene vil derfor i utgangspunktet gjelde for arbeidstakarar frå desse områda.

For arbeidstakarar som kan nytte seg av unntaket covid 19-forskrifta § 6 c er det gjort endringar i reglane: Arbeidstakarar som har fritidskarantene, skal testast kvar tredje dag og vere innkvartert på einerom dei ti første dagane i landet. Arbeidsgivar skal leggje til rette for avstand til andre når arbeidstakaren er i fritidskarantene. Unntaket gir ikkje lenger fritak for innreisekarantene på fritida.

Reisande frå raude land må framvise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere teken under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje framviser ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.

Frå midnatt, natt til måndag 9.november er det innført krav om opphald på karantenehotell i perioden med innreisekarantene. Hovudregelen er at alle som skal vere i innreisekarantene, skal gjennomføre karantenen på karantenehotell. Hovudregelen gjeld òg for norske statsborgarar. På departementet sin nettside finn du nærare informasjon om karantenehotell, mellom anna kva persongruppar som er unnateke plikten til å gjennomføre karantene på karantenehotell:

Trykk her for informasjon om karantenehotell på regjeringen.no

Nokre unntak frå krava som gjeld karantene og reiser

  • Kravet skal ikkje gjelde for nordmenn, personar som har bustad i Norge eller personar i transitt.
  • Kravet gjeld ikkje personar som jamleg kjem til Norge frå Sverige og Finland for å jobbe.
  • Kravet gjeld helsepersonell som pendlar til Norge og som har vore meir enn sju dagar utanfor Norge.
  • Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan gjerast unntak for når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.

 


Sist oppdatert: 04.01.2021
Publisert: 12.11.2020